Virologi
Virologisk forskning ved Gades institutt fokuserer på HIV/AIDS, influensa, herpesvirus samt virus og kreft.
Virale modellar har blitt brukt til forståing av interaksjon med vertscella. Virus bind til spesielle reseptorar på celleoverflata, blir tatt opp i cella, og virale produkt blir transportert til ulike subcellulære rom samt inn og ut av cellekjerna. Dei eksakte transportruter varierer for ulike virus. Derfor fungerer virus som ein vegvisar i det indre cellulære landskap, og virale modellar blir brukt til større forståing av basale transport- og reguleringsprinsipp i både infiserte og uinfiserte celler. Signalmediert eksport av protein ut av cellekjerna vart oppdaga ved Senter for virologisk forskning ved studier av celler som uttrykte HIV-proteinet Rev.
Pågåande prosjekt inkluderer HIV patogenese, immunresponsen etter influensavaksiner i dyr og menneske samt klarlegging av overordna mekanismer for genregulering ved kreft.
Det pågår eit nært samarbeid med det virologiske laboratoriet ved Avdeling for mikrobiologi, Haukeland Universitetssjukehus. Utvikling av ny diagnostikk, spesielt nukleinsyrebasert diagnostikk, for påvisning av smittestoff ved virusinfeksjonar, er eit viktig felt. Vaksineutvikling, t.d. mot influensa og fugleinfluensa og mot humane papillomavirus, samt identifikasjon av molekylære mål for kreftbehandling, er pågåande translasjonelle prosjekt.
Senter for virologisk forskning har ein sterk tradisjon innan etablering, optimalisering og utvikling av ny metodologi. Metoderepertoiret omfattar genteknologi og andre molekylærbiologiske metoder, immunologiske teknikkar, mikroskopiske teknikkar, cellebiologi og nye heilgenoms mikromatriseteknikkar for studier av genekspresjon og genregulering.
Undervisning i virologi er ein del av kursa i medisinsk mikrobiologi og immunologi for 150 medisinstudentar fordelt på to kull per år, odontologistudentar, 25 farmasistudentar (FARM270) per år og mastergradskurset HUVIR301 som går kvar haust. Det blir også undervist virologi i vidare- og etterutdanning av leger og tannleger.
Virologi
Sist endret: 6.2.2009