Gå til innhold
English A A A

Forsking på Sjögrens Syndrom


Pasientar råka av Sjögrens syndrom lir av at immunceller infiltrerar og erstattar normalt kjertelvev i sekretproduserandre kjertlar.

Cytokin.

Tove Ragna Reksten er utdanna farmasøyt ved UiB og arbeider med ein doktorgrad ved Broegelmanns forskingslaboratorium. Tittelen på prosjektet er "Transitional stages and differentiation of lymphocytes in Sjögren's syndrome".

Skrive av Tove Ragna Reksten

Ein kvinnesjukdom

Sjögrens syndrom er ein autoimmun reumatisk sjukdom. Ni av ti pasientar er kvinner, dei fleste over 50 år, og det er estimert at 0.2-2 % av befolkninga har Sjögrens. Sjukdomen er klassifisert som ein reumatisk sjukdom, men det er i hovudsak sekretproduserande kjertlar som råkast. Resultatet er for dei fleste pasientane tørre slimhinner, spesielt i augo og munnen, samt trøyttleik og ledd- og muskelsmerter.

Tørr munn og infeksjonar

Slimhinnene har ei svært viktig oppgåve i å verne kroppen mot infeksjonar, og inneheld både antistoff mot mikrobar og enzym som bryt ned uheldige sambindingar, og skil ut slim/væske som hindrar uønska stoff i å feste seg. I tillegg til ubehaget med tørre, vonde auge, opplever difor mange Sjögrenspasientar gjentekne augeinfeksjonar, og tørr munn gjer det vanskeleg for mange å snakke og ete normalt. Dette kan igjen føre til isolasjon og utvikling av depresjonar. Sidan spytt spelar ei viktig rolle for munnhygiene, slit Sjögrenspasientar med dårleg tann- og munnhelse, og har store utgifter til tannlege.

Overaktivt immunforsvar

T-celler er ein type immunceller kalla lymfocyttar. Dei kan grovt delast i to grupper: T-dreparceller og T-hjelpeceller (Th-celler). Th-cellene kjenner igjen framand materie i kroppen og gjennom utskilling av signalmolekyl (cytokin), stimulerer dei immunforsvaret til å utrydde mikroben. Diverre kan immuncellene gå til åtak på friskt vev i kroppen og gi ein autoimmun sjukdom slik som Sjögrens syndrom. Målet med doktorgradsprosjektet er å sjå på skilnader i cytokinprofilen til pasientar og friske kontrollar, i tillegg til å studere eigenskapene til Th-cellene frå pasientar samanlikna med dei frå kontrollar. Tanken er å finne ut korleis immuncellene til pasientar skil seg frå friske, og slik forstå kvifor nokre får denne sjukdommen.

Nye diagnostiske metodar?

Forskingsgruppa har i ulike eksperiment oppdaga at pasientane kan organiserast i undergrupper av primær Sjögrens på bakgrunn av markørar i blod og kjertelbiopsiar, og funne at det kliniske biletet til dels er svært ulikt i eldre og yngre pasientar og i pasientar med og utan store infiltrat i spyttkjertlane. Spesifikke biomarkørar i blodet vil vere svært nyttig for enklare diagnostisering av pasientar, og vil kunne gje ein peikepinn på kva nytte og effekt ein pasient vil ha av ei gjeven behandling.


 

Sist endret: 8.10.2010