Informasjon om Immunologiens dag 29. april, 2009
I enkelte tilfelle kan immunforsvaret vårt forhindre tidleg utvikling av kreft, medan det i andre tilfelle kan manipulerast til å angripe kreften som alt har utvikla seg. Dette er hovudtema for Immunologiens dag 2009.
Immunologiens dag er ei årleg markering som sikter mot å auke allmennheita si bevisstheit om tydinga av forsking på immunsystemet, og å auke kunnskapen om immunsystemet sin viktige rolle i vår helse og velferd. Årets tema er "Immunforsvaret og kreft - frå forsking til klinikk". Dagen blir arrangert av Norsk Selskap for Immunologi (NSI).
Kvifor har organtransplanterte høgare risiko for å få kreft? Korleis kan stamcelletransplantasjon gje immunsystemet kapasitet til å bekjempe sjølv dei mest aggressive kreftsjukdommane når forholda blir lagt til rette?
Den mykje diskuterte HPV vaksinen vil bli presentert av ein av leiarane av studien som vart delvis gjord i Bergen, Prof. Ole-Erik Iversen. Saman med andre forskarar frå Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen vil han presentere immunforsvaret sin viktige rolle i kampen mot kreft under Immunologiens dag 29. april.
På programmet står også eit foredrag med Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen. Ho skal snakke om Kreftforeningen sin rolle i norsk kreftforsking. Forsking er nødvendig for å auke forståinga av kreftceller og forbetre diagnostisering og behandling av kreftpasientar, kreftomsorg og kreftførebyggande tiltak. For 30 år sidan var tre av ti pasientar i live fem år etter at kreftsjukdommen vart oppdaga. I dag lever nesten seks av ti etter like mange år. Forsking har tvunge sjukdommar som barneleukemi, hudkreft og testikkelkreft på retur. I dag blir sju av ti barn med leukemi heilt friske.
Til slutt - svineinfluensaen H1N1 er no ein viktig sak i nyheitene. Til å oppdatere oss har vi vore så heldige å få ein av ekspertane frå influensasenteret ved Gades institutt.
Den europeiske immunologiforeningen EFIS innstifta "Day of Immunology" i 2005, og den første markeringa fann stad den 29. april same år. Immunologiens dag har sidan blitt gjentatt kvar vår med lokale arrangement over heile verda.
Program for Immunologiens dag fins her
Sist endret: 28.4.2009
Nyheter fra Gades institutt
- Centre For Cancer Biomarkers kan få SFF-status (24.05.2012)
- The 16th Broegelmann Lecture (10.05.2012)
- Årsmøte - Den norske patologiforening (20.03.2012)
- Dyreavdelingen ved UiB er akkreditert av AAALAC International (19.03.2012)
- Skolebesøk på Gades institutt (08.03.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Centre For Cancer Biomarkers kan få SFF-status (24.05.2012)
- Disputas - Bjarte Skoe Erikstein (23.04.2012)
- Immunologiens Dag 2012 (16.04.2012)
- Maja Mujic disputerer: "Molecular imaging for cancer diagnostics and targeted therapy" (13.04.2012)
- Maja Mujic disputerer: "Molecular imaging for cancer diagnostics and targeted therapy" (04.04.2012)
- Kreft
- Immunologi