Dr.med. F.G. Gades Pathologiske Institut
Under dette namnet vart instuttet innvigd den 15. Mars 1912.
Det var ein sjølvstendig organisasjon med det føremål å gje patologiservice til Haukeland sjukehus i tillegg til å driva forsking. Tilstades ved åpninga var Direksjonens medlemmer, som var Gerhard Armauer Hansen, konsul Chr. Kiær og direktøren på Haukeland, Jørgen Sandberg (1850-1942). I tillegg til ei rekkje representantar frå kommunen var F. G. Gade og kone også tilstades.
Då Armauer Hansen døydde same året, overtok Gade som medlem av Direksjonen. Alt frå første året var det aktiv drift på instituttet, og staben omfatta tre personar, Magnus Haaland, assistentlege Sverre Sandberg, son av Jørgen, og laborant Nils Underthun. Sidan fekk dei også ein teknisk assistent.
I løpet av det første driftsåret utførde dei omlag 300 obduksjonar , - det same som ein gjer i dag- . Tilsvarande som no var dei svært opptekne av born som døydde , og dette året gjorde dei 17 obduksjonar på nyfødde og ufullbårne born. I tillegg utførde fleire rettsmedisinske obduksjonar. Mellom dei var ein liten gut som hadde blitt overkøyrt av ein automobil og ein mann som vart påkøyrd av trikken og døydde av forbløding.
Første året undersøkte dei også 320 vevsprøver i mikroskop og stilte diagnosen, medan ein har 100 gonger så mange slike prøver i dag. Dei undersøkte ei rekkje serumprøver på Wassermanns og på Widals reaksjon i tillegg til bakteriologiske prøver. Så mange arbeidsoppgåver som vart utførde av ein så liten stab står det respekt av den dag i dag.
I dei neste åra auka staben trutt og jamt. Dei fekk fleire laborantar og teknikarar, det kom fleire underordna legestillingar, og i tillegg vart det bygd ein dyrestall. Mange kirurgar under utdanning tok seg vikariat på Gade for å vita meir om det dei skulle operera på seinare. Under namnet "Gadeguttene" og "Gadepikene" fekk desse legestillingar over heile landet, og gjerne heldt dei sidan kontakten med Haaland og dei andre i staben.
Gades Institutt vart eit sentrum på det nye Haukeland sjukehus. Hit kom alle klinikarane for å sjå på obduksjonar av pasientar som døydde, og under framvising av organa var det ivrige diskusjonar. Diagnostiske hjelpemiddel var ikkje så avanserte den gongen som no, og ofte fekk legane store overraskingar når dei fekk sjå direkte kva som var den endelege diagnosen.
Sist endret: 11.6.2009
- patologi
- obduksjon
- vevsprøver