Gå til innhold
English A A A

Forskingsoppgåver


Magnus Haaland hadde nok tenkt seg at han skulle få høve til å fortsetja den eksperimentelle kreftforskinga si. Han tok også med seg til Bergen ei musestamme med ein transplantabel kreftsvulst i buken.

Magnus Haaland (1876-1935).

Magnus Haaland (1876-1935). Foto: UiB

Den heitte "Ehrlich ascites carcinom" og hadde opphavet sitt i Frankfurt hjå Paul Ehrlich. Haaland heldt også kontakten til kollegene sine i Tyskland og England, men han kom seg aldri til å gjera noko større eksperimentelt forskingsprosjekt. Dertil var det for mange oppgåver med å få det diagnostiske arbeidet i gang, administrativt arbeid og kliniske spørsmål som tok tida hans.

På desse tider var det infeksjonssjukdommar som dominerte, og her låg det også viktige forskingsoppgåver. Haaland stimulerte medarbeidarane sine til å ta opp ulike prosjekt og hjalp dei fram. Såleis vart det frå første verdskrigen og utover på 1920-talet eit levande forskingsmiljø på instituttet. Haaland var også med i ein av komitéane som arbeidde for å oppretta eit universitet i Bergen, men dette vart sterkt motarbeidd frå "konkurrenten", som var Universitetet i Oslo. Derimot førde han fleire legar fram til medisinsk doktorgrad i desse åra, medan andre kom i gang med arbeidet sitt og fortsette andre stader.

Særleg arbeidde Haaland med tyfoid-feber. Det er ein bakteriesjukdom som set seg i tarmen og som smittar gjennom avføring. Pasientane fekk både diaré og høg feber i tillegg til utslett på huda, og det var ein frykta sjukdom. Mellom folk gjekk den også under namnet nervefeber eller sottæ. Saman med kona si, Margit Ruud Haaland (1882-1968) registrerte han først alle nye tilfelle og merka dei av på eit stort kart over Vestlandet. Sidan tok han initiativ til å isolera dei sjuke og dessutan å oppspora smittebærarar og behandla dei. Det var slik at etter dei hadde hatt sjukdommen kunne bakteriane setja seg i galleblæra og produsera millionvis av nye bakteriar som gjekk ut i avføringa. Desse symptomfrie smittebærarane var ein hovudgrunn til at sjukdommen spreidde seg vidare. Vart dei identifisert kunne ein ta dei inn på sjukehuset og få fjerna galleblæra, og då stogga vidare smitte. Han var også ein pådrivar for å vaksinera folk mot sjukdommen. Mot slutten av 1920-åra var tyfoidfeberen utrydda i Noreg, og det har Haaland mykje av æra for.

Medarbeidarane hans tok også doktorgrad på andre bakteriesjukdommar og på "spanskesykja", ein fårleg influensa som herja i Noreg i 1918 og 1919. Det er den same sjukdommen som no vert kalla "fugleinfluensa" og som skuldast eit virus. Haaland inspirerte også ein av assistentlegane, Leiv Kreyberg (1896-1984) til å forska på kreft i musehud, noko ein alt den gongen kunne framkalla med å pensla huda med tjøre . Kreyberg vart sidan ein pioner innan eksperimentell kreftforsking og professor i patologi i Oslo. Ein annan av medarbeidarane, Theodor Thjøtta (1885-1955) vart den første professoren i bakteriologi og leiar for første instituttet innan dette faget ved Universitetet i Oslo.

Pionertida på Gades Institutt skapte også norsk medisinsk faghistorie og vitskapshistorie. Det vart landets første institutt for mikrobiologi og det første for serologi (seinare immunologi). På dette instituttet vart også norske eksperimentell kreftforsking grunnlagt, og det vart landets andre institutt for patologisk anatomi.

 

Sist endret: 5.3.2012