Gå til innhold
English A A A

Gades institutt - ein institusjon med ei rik historie


Faget patologi – eller sjukdomslære – har alltid stått sentralt i medisinen og har hatt mange utviklingsfaser. I praksis omfattar faget i dag korleis organa i kroppen forandrar seg under sjukdom, slik ein kan observera det direkte med auget (makroskopisk patologi), i mikroskop (mikroskopisk patologi), og slik ein kan kartleggja det med biologiske metodar (molekylar patologi).

Den opprinnelige bygningen til Gades institutt slik den står i dag.

Den opprinnelige bygningen til Gades institutt slik den står i dag. Foto: Ø. Larsen

I oldtida var det sterk motstand mot å åpna menneskekroppen, og difor var mykje av det ein visste, eller meinte å vita basert på studium av dyr. Desse observasjonane vart kombinert med filosofering over korleis ein trudde det var. I renessansetida braut ein dette forbodet, og no fekk dei omfattande kunnskapar om korleis kroppen var oppbygd normalt (anatomi), og korleis den forandra seg under sjukdom ( patologi). Likevel visste ein lite om kva som låg under desse forandringane. På 1600-talet vart mikroskopet utvikla, og då kunne ein sjå både blodceller og bakteriar. Likevel var det først på 1800-talet at ein skjøna at alle organ i kroppen var oppbygd av celler, på same måten som murstein i eit murhus. Desse cellene er vanlegvis så små at ein må ha mikroskop for å sjå dei. Frå midten av 1800-talet vart det klårt at cellene i kroppen forandrar seg på ulike måtar ved sjukdom. Dette kan ein sjå direkte i mikroskop og såleis stilla presise diagnosar. Faget kom både til å omfatta obduksjonar -undersøking etter at ein var død- og vevsprøver frå pasientar - biopsiar- for å stilla diagnosar og gje råd om behandling.

Parallelt med denne utviklinga oppdaga ein at mange sjukdommar skuldast bakteriar, og at kroppen kunne laga antistoff mot mikroorganismar. Dette førde til faget mikrobiologi - læra om mikroorganismane og serologi, - læra om korleis blodserum inneheldt antistoff ved ulike sjukdommar. Seinare vart dette til faget immunologi - læra om immunreaksjonane. Og mikrobiologien omfatta etterkvart både virus (virologi), bakteriar (bakteriologi), andre mikroorganismar og parasittar. I andre halvdelen av 1800-talet hadde særleg bakteriologien ei særleg rask utvikling.

Den gongen var patologisk anatomi, mikrobiologi og serologi vanlegvis saman i eitt fag som vart kalla patologi. Det gjaldt særleg i engelsktalande land, og denne tradisjonen har dei halde på heilt fram til siste generasjonen. No er dei imidlertid separate fagområde , men som har eit stort fagleg fellesskap.

Bergen var tidleg med i denne utviklinga. Alt i første tredjedelen av 1800-talet utførte legar obduksjonar på pasientar der det var viktig å vita dødsårsaka. I samband med at lepra var ein alminneleg sjukdom på desse tider, vart mange av desse pasientane obdusert for å kartleggja sjukdommen. Overlege Daniel C. Danielssen (1815-1894) på vart internasjonalt kjend for denne forskinga, og undersøkingane hans var ein føresetnad for at Gerhard Armauer Hansen (1841-1912) oppdaga leprabasillen i 1873. Frå 1889 hadde Bergen kommunale sykehus, som låg nede på Engen i Bergen sentrum, stilling for ein eigen patolog . Han fekk tittelen prosektor (=forskjærar) og hadde ansvaret for obduksjonane. I motsetning til Oslo -eller Kristiania den gongen- hadde imidlertid Bergen ikkje noko avdeling eller eit institutt for patologi.

Då kjem det inn ein person som forandrar heile denne situasjonen. Det var Fredrik Georg Gade (1855-1933), son av ein rik kleshandlar i Strandgata i Bergen og oppvaksen i Kalfaret i den store trevillaen som no er Legenes hus. Han studerte medisin i Kristiania og tok embetseksamen i 1880. Sidan arbeidde han på ulike sjukehus i Kristiania og i Bergen, og i tillegg var han fleire år på dei store medisinske lærestadene i Europa, mellom anna i Tyskland, Austerrike, Frankrike og Storbritannia. Gade hadde også rike kulturelle interesser, var ein framifrå skribent og snakka flytande engelsk, tysk og fransk i tillegg til at han hadde gode kunnskapar i latin. Dessutan var han ein glimrande amatørmusikar og spelte fiolin. I 1890-åra budde han i Kristiania og arbeidde innan anatomi og patologi, og i tillegg var han redaktør for det norske legetidsskriftet - Norsk Magazin for Lægevidenskaben. I 1900 var han på nippet til å få professorat i patologi ved Universitetet i Oslo, men tapte i kampen med ein annan kjend norsk patolog, Francis Harbitz (1867-1950).

Så gjekk det ikkje betre enn at Gade vart alvorleg sjuk og sengeliggjande og skjøna at han kom til å døy snart. Han hadde ein visjon om at Bergen trong så sårt å få eit institutt for patologi, der alle dei tilhøyrande fagområda vart representert. Dette var i 1905, då dei la planane for det nye Haukeland sjukehus og skulle til å byggja. Frå sjukesenga ordna han med ein donasjon til å setja opp eit slikt institutt, og Bergen kommune gav tomt på Haukelandsområdet. Eit stort og fint bygg vart teikna og sett opp. Så viste det seg at den medisinske vurderinga av Gades sjukdom var feil, og frå 1907 kom han seg gradvis på beina att. Han levde i nærare 30 år til og fekk gleda av å sjå at donasjonen hans bare rike frukter.

 

Sist endret: 11.6.2009