Magnus Haaland og grunnleggjing av instituttet
Den som bygde opp fagmiljøet på det nye instituttet var Magnus Haaland (1876-1935)
Han var fødd og vaks opp i Kopervik, og sidan studerte han medisin i Kristiania. Der arbeidde han også i nokre år som lege på Ullevål sjukehus og på Rikshospitalet. I 1903 fekk han eit utanlandsstipendium og reiste ut til dei store forskningsinstitusjonane ute i Europa. Med unntak av nokre kortare periodar heime arbeidde han i Tyskland, Frankrike og England i 8 år. Mellom anna var han på Institut Pasteur i Paris hjå den kjende immunologen og seinare nobelprisvinnaren Eliah Metschnikoff (1844-1916) og hjå kreftforskaren Amadée Borrel i tillegg til Georges Widal (1862-1929), som var dåtidas meste kjende forskar på tyfoidfeber og immunitet. Herfrå dro han vidare til Tyskland og var først ei tid hjå den kjende patologen Ludwig Aschoff (1866-1942) i Marburg. Sidan flytta han over til Frankfurt og var hjå den seinare nobelprisvinnaren Paul Ehrlich (1854-1915). Ehrlich var ein av grunnleggjarane av immunologien, han grunnla moderne farmakologi og var i tillegg ein pioner innan kreftforsking. Med han fekk Haaland eit stimulerande samarbeid over spreiingsmåtar ved kreft hjå mus, og det fortsette i fleire år sidan. Etter ei kort tid på Rikshospitalet i Kristiania, vart han invitert til England for å vera med på å grunnleggja det nye instituttet til Imperial Cancer Research Fund, leia av Erwin Bashford (1873-1923). Her gjorde Haaland viktige oppdagingar. Mellom anna fann han ut korleis celler frå transplanterte kreftsvulstar hjå mus spreidde seg gjennom blodårane. I tillegg viste han at når kreftsvulstane utvikla seg til å bli meir vondarta kunne dei skifta type, til dømes frå carcinom til sarcom. Han var også ein av dei første som eksperimenterte med varmebehandling av kreftsvulstar og kunne syna at kreftcellene vart drepne, medan normale celler tålte varmen. Då prinsen av Wales heldt ein tale på eit årleg møte dei hadde i Imperial Cancer Research Fund i London, vart Haaland spesielt nemd. Haaland var også den første som observerte og skildra ei form for lymfekreft hjå mus med namnet reticulose og som skuldast eit virus.
Gade kjende godt til denne kreftforskaren som gjorde internasjonal karriere. For det første hadde Haaland vore assistent hjå Gade på Anatomisk institutt i studietida, og dessutan var Gade med i komitéen for doktorgraden hans i 1909. Det hadde også gått gjetord i dei medisinske miljøa i Kristiania og Bergen om forskinga hans. Det førde til at Haaland vart invitert til å koma til Bergen som sjef for det nye instituttet. Han skulle få tittelen som prosektor og dei ville også gje han høve til å driva forsking ved sida av arbeidet med den pasient-retta patologien. Før han tiltrådde i stillinga reiste han for nokre månader til Berlin for å læra om serologiske prøvar til å stilla diagnosen syfilis. Det var ein svært vanleg kjønnssjukdom på dei tider, og Wassermanns prøve var i mange år ein standard for å påvisa sjukdommen.
Sist endret: 11.6.2009
- immunologi
- kreftforskning
- reticulose