Gå til innhold
English A A A

Universitetet i Bergen


I 1946 vart Universitet i Bergen grunnlagt, og Det medisinske fakultetet vart oppretta.

Gades Institutt fekk no ein ny funksjon som universitetsinstitutt med ansvar for studentundervisning og forsking. Såleis vart det ein fagleg grunnpillar for det nye fakultetet med hand om fleire fagområde, slik som mikrobiologi, immunologi, rettsmedisin og patologisk anatomi. Desse laboratoriefaga danna samstundes eit grunnlag for den kliniske undervisninga. Både Erik Waaler og Thomas Vogelsang vart utnemde til professorar, og Waaler vart i tillegg den første dekanen på Det medisinske fakultetet. Seinare valde dei han til universitetets andre rektor, eit hverv han hadde i seks år. Waaler var ein dugande og framsynt rektor i ein sterk utviklingsperiode for universitetet.


Frå 1960-åra skjedde ein særleg rask ekspansjon innan alle fagområda som instituttet omfatta. Det gjaldt ikkje minst innan rettsmedisin, virologi og immunologi, der det kom eigne professorat. I tillegg kom nye fagretningar som cytologi og elektronmikroskopi. Ei aukande forsking førde til ei rekkje doktorgradar og auke av personalet.


I 1963 vart eit for avlastingsbygg for mikrobiologi og immunologi innvigd. Det var det såkalla MFH-bygget (No: Armauer Hansens hus), og her flytta dei inn i lag med fleire andre fag. Sjølv etter at dei hadde flytta ut av gamlebygget vart det plassmangel mellom dei som var att. Samstundes var planlegginga av den nye Sentralblokka på Haukeland sjukehus undervegs, og etter ein byggeperiode på fleire år, flytta Avdeling for patologi inn i nye og rommelege lokale i 1982-83. Gamlebygget til Gades Institutt vart rehabilitert og har sidan vore eit tenleg studenthus.


Med så mange fagretningar og funksjonar har det gjerne vore litt uklårt kva Gades Institutt stod for. Det var samstundes ei sjukehusavdeling som frå 1972 vart ein del av Haukeland sjukehus, og det var eit universitetsinstitutt. At patologisk anatomi med rettsmedisin, mikrobiologi og immunologi skilde lag som forskings- og undervisningsfelt vart på mange måtar ei uheldig løysing. Gjennom den raske utviklinga av moderne celle- og molekylarbiologi fekk desse faga heller meir og ikkje mindre fellesskap. Difor var det ei framtidsretta løysing at dei to universitetsavdelingane gjekk saman til eitt universitetsinstitutt i 2003, oppdelt i ulike seksjonar. Parallelt med dette har sjukehuset blitt til Haukeland Universitetssjukehus og er sjølv ein viktig forskingsaktør innan klinikken. Såleis er ein attende til den heilskapstenkinga som låg til grunn for donasjonen frå Gade og det pionerarbeidet som Haaland utførde.


Same året vart eit minnesmerke over Magnus Haaland avduka i Kopervik, og staden det står på er døypt Magnus Haalands plass. Og minne om dei to grunnleggjarane kan ein i dag sjå i Sentralblokka i Haalandssalen og på Gaderommet,- kursus-salen og biblioteket /forsamlingsrommet til Seksjon for patologi. Etterslekta til desse to pionerane har i stor grad bidratt med historisk materiale som gjer at Gade og Haaland har fått det ettermælet dei fortener.

 

Litteratur:


Universitetet i Bergens historie, bind I og II, Bergen 1996
Lærum OD: Leger og naturvitere bak museet som ble til Universitetet i Bergen. Tidsskr Nor Lægeforen 116: 3618-21, 1996


ds.: Anatom, patolog og donator (Fredrik Georg Gade). Tidsskr Nor Lægeforen 121:706-7, 2001


ds.: Magnus Haaland - en pioner i internasjonal kreftforskning. Tidsskr Nor Lægeforen 121:832-3, 2001


ds.: Gades Institutt. Pp 184-204 i CW Janssen (red.): Haukeland Sykehus - en medisinsk hjørnesten siden 1912. Eide forlag, Bergen 2001


ds.: Norsk kreftforsker hedres med minnesmerke. Tidsskr Nor Lægeforen. 3591, 2003.

 

FG Gade er også omtalt i Norsk Biografisk Leksikon.

 

Sist endret: 11.6.2009