Strategisk Plan 2006-2010
Gades institutt forvaltar over hundre års historie og kompetanseoppbygging i fagfelta patologi med rettsmedisin, immunologi, bakteriologi og virologi.
I perioder har instituttet hevda seg i den internasjonale fronten i sine fagfelt. I 2012 skal instituttet feire sitt offisielle hundreårsjubileum. Målet er at Gades institutt skal vere på eit framifrå internasjonalt nivå som forsknings- og undervisningsinstitusjon til dette jubileet.
Forskning innan fagfelta er grunnlag for undervisning, formidling samt innovasjon innan diagnostikk og behandling. Forskning ved Gades institutt er translasjonell - det vil seie at resultat frå grunnforskning og forskning med pasientmateriale blir tatt vidare til utvikling av betre diagnostikk og pasientbehandling.
Den største ressursen ved Gades institutt er staben av fast tilsette og forskarar og studentar som til ei kvar tid har sin aktivitet ved instituttet. I åra framover står Gades institutt overfor eit generasjonsskifte i faste vitenskapelege stillingar. Rekruttering av nye dyktige fagfolk blir sentralt.
Årleg avviklar Gades institutt undervisning og eksamen innan sine fagfelt for 150 medisinerstudentar, 30 farmasistudentar og eit titals masterstudentar. I tråd med signal frå Stortingsmelding 20 (2004 - 2005; "Vilje til forskning") - og gjeldande nasjonale politiske plattform vil Gades institutt ta sin del av den stipulerte auke i PhD-grader og forskarar på åremål i planperioden. Forskarskolen i inflammasjon er forankra ved Broegelmanns laboratorium ved instituttet i samarbeid med andre miljø ved Det medisinske fakultet, Det odontologiske fakultet og Haukeland Universitetssykehus. Forskarskolen blir eit viktig instrument for betre forskarutdanning.
Det medisinske forskningsmiljø i Bergen har eit ressursgrunnlag som forpliktar til nasjonale og internasjonale forskningsbidrag. Ressursgrunnlaget inkluderer bygningsmassen, utstyrsparken, forskningsstillingane, kompetansen, pasienttilgangen og biobankar med pasientmateriale og pasientdata. Gitt den sterke nasjonale økonomi må det skapast politisk forståing for at rammene for drift av forskningsprosjekta og talet på stipendiatstillingar blir tilstrekkelege til seriøs utnytting av dette ressursgrunnlaget. Dette kan igjen sikre den kritiske masse som potenserer den vitenskapelege prosess i sterke internasjonale miljø.
Immunologi, mikrobiologi og patologi er i gjennomgripande endring internasjonalt i planperioden. Sekvenseringa av arvestoffet til mennesket, til infeksiøse agens og modellorganismar samt den teknologiske utvikling - særleg innan molekylærbiologi, informatikk og billedanalyser - har lagt grunnlaget for nye framsteg i måten immunologiske sjukdomar/inflammasjon, infeksjonar og kreft vil bli forstått, diagnostisert og behandla på.
Gades institutt samverkar nært med Haukeland Universitetssykehus med Avdeling for patologi, Avdeling for mikrobiologi og immunologi og Blodbanken. Den nære interaksjon mellom universitet og sjukehus er markert ved at Avdelingssjefane ved sjukehusavdelingane er tilknytte Gades institutt i professorat bistilling, og professorane ved Gades institutt har bistilling som overlege ved sjukehusavdelingane.
Gades institutt ved Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssykehus har ansvar for kvaliteten av diagnostikk av immunologiske sjukdomar, infeksjonar og kreft på Vestlandet. Dette krev at våre miljø tar del i dei framsteg som instituttets fagfelt opplever internasjonalt. Ein føresetnad er eigne aktive forskningsprosjekt, aktiv metodeetablering og internasjonalt samarbeid.
Gades institutt ønskjer å ta fullt del i forskningsutviklinga i vestlege land og hauste gevinst i form av innsikt, kvalitet på laboratoriefunksjonar, innovasjon, forskningsbasert undervisning og formidling. Det blir spesielt viktig å bli integrert i den forskning og innovasjon som det blir lagt opp til i EU's 7. rammeprogram. Instituttet har alt viktige samarbeid med sterke miljø i Skandinavia, Europa, USA og Canada - og dette må utviklast.
Gades institutt vil på denne måte bidra til å møte dei aukande krav som samfunnsutviklinga medfører. Den eldre befolkning blir meir talrik, og med det følgjer fleire med kreft, autoimmune sjukdomar og immunsvikt. Infeksjonspresset aukar på grunn av større globalt folketal, auka mobilitet og utvikling av antibiotikaresistens. Nye smittestoff som vi på forhand ikkje kjenner eigenskapane til, vil manifestere seg i framtida. Vi er augevitne til den mikrobiologiske evolusjon. HIV-epidemien, SARS-epidemien og trugsel om influensapandemi er kun blant dei mest kjende eksempel.
Gades institutt har ein lang tradisjon med samarbeid om forskning og utdanning med ikkje-vestlege land inkludert Tanzania, Uganda, India og Sør-Afrika. Instituttet ønskjer å bidra til vidare samarbeid, kompetansehevning og utvikling av forskning i ikkje-vestlege land. Global tilgang til helsetenester er ei av dei store utfordringane i vår tid.
Ei hovudutfordring blir å rekruttere til og styrke den faste vitenskapelege staben ved dei to avdelingane ved Gades institutt. Samtlege av fagfelta immunologi, bakteriologi, virologi og patologi har sidan 2000 hatt netto avgang av professorar. Ein forholdsvis stor del av professorane er over 60 år og instituttet arbeider aktivt for å finansiere nye stillingar og bli attraktivt og synleg for personar med ambisjonar, talent og kapasitet.
En mer detaljert strategisk plan kan lastes ned som pdf-fil her (kun tilgjengelig for ansatte ved Universitetet i Bergen).
Sist endret: 11.5.2009
- Patologi
- Rettsmedisin
- Bakterie
- Immunologi