Hjem

Institutt for geovitenskap

Studere geofag?

Kvifor skal eg studere ved Institutt for geovitskap, og kva vil det gi meg? Kva for studieprogrammer finnast? Korleis kan eg bli student ved instituttet? Kor kan eg få jobb med denne utdanninga?

Er dette spørsmål som du stillar deg sjølv, så vil de besvares på desse sidene. Kanskje vil nye spørsmål dukke opp, ta då kontakt med studieveiledar ved instituttet.

Kva er eigentleg geovitskap?

Geovitskap er læra om jordkloden. Faget er basert på geologi og geofysikk og tar for seg opphavet til og utviklinga av jorda. For å forstå korleis jorda i dag heng i saman, må ein forstå samspelet mellom fysiske, kjemiske, biologiske og geologiske prosessar.

Som student hos oss vil du kunne fordjupe deg i den delen av geofaget du er mest interessert i, og du vil tidleg i studiet bli ein del av eit stort forskingssamfunn.

Undervisingstilbodet vårt strekker seg frå forelesningar til ekskursjonar og feltarbeid i både fjerne og nære strøk. Ved å studere geofag kan du få med deg både aha-opplevingar og storslått natur. Du kan komme til å oppleve at du nesten mister pusten av spektakulære landskap, og du vil bli overraska når du finn ut korleis mikroskopiske strukturar i ein bergart kan påverke eit heilt oljefelt.

I tillegg til berre å lære om dei ulike prosessane som skjer på jorda, vil du gjennom laboratoriearbeid, feltarbeid eller ekskursjonar lære å bruke og forstå tekniske og digitale verktøy. I geofysikken lærer du om det indre i ein bergart. Du lærer mellom anna om korleis du måler elastisitet, tettleik og varmeleiingsevne. Du kan òg spesialisere deg i praktisk bruk av informasjonsteknologi.