Nyhet
11.12.2011

Forskingsseminar til ære for Roald Amundsen på NASA/GISS og på Explorers Club in New York

Den 14 desember 2011 er det hundre års sidan Roald Amundsen nådde Sydpolen.

Førsteamanuensis Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, er den den norske Fulbright Arctic Chair for det akademiske året 2011/2012.

For å markere jubileet og for å setja på dagsorden dei store endringane som har funne stad ved polane dei siste 100 åra, møtest toppforskarar frå USA og Norge i New York, fyrst med eit seminar på NASA GISS etterfylgt av ein festkveld på Explorers Club. Seminaret er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitet i Bergen, den norske Fulbright Foundation og General Konsulatet i New York.

”Markeringa av  Amundsen-jubileet er ein flott sjanse til å markere behovet for internasjonal kryss disiplinær forsking på høge breiddegrader, og vi vil også bruke dagen til å synleg gjere nettverk som Univeristy of the Arctic saman med dei moglegheitene som ligg i Fulbright Arctic Chair programmet” seier Jostein Bakke, som altså er den norske Fulbright Arctic Chair for det akademiske året 2011/2012.

Temaet for dette årets Arctic Chair er koplingane mellom den nordlege og den sørlege hemisfæren i klimasystemet, ei problemstilling også Amundsen var oppteken av på sine ferder både i nord og i sør. Bakke har vore gjesteforskar ved Climate System Reserach Center ved UMASS der Professor Ray Bradley er direktør. Gjennom Bradely sitt ekstensive nettverk av polarforskarar har eit imponerande program blitt satt saman.

Programmet inneheld ei blanding av føredragshaldarar med inngåande kjennskap til Amundsen sitt liv og verke, slik som Ed Larson og Ross McPhee. I tillegg består programmet av internasjonale toppforskarar som Eric Stieg, Paul Mayewski, Giff Miller, John Small, Gawin Schmidt, Robin Bell. Frå institutt for geovitenskap deltek Kikki Kleiven, Yngve Kristoffersen og Jostein Bakke.

Seminaret New York er ein flott sjanse for både forskarar og publikum til å samle tråane i vår kunnskap om pol områda og dei raske klimatiske endringane som tek plass i vår tid. Rammene rundt arrangementet i ærverdige Explorers Club er perfekte for å setje 100 års jubileet i eit verdig perspektiv. Både Amundsen og Nansen var i si tid meldlemmer i Explorers Club, noko som gjer det ekstra stas å kunne ha arrangementet her. 

Alle føredragshaldarane er oppmoda til å halde eit 100 års perspektiv i sine faglege presentasjonar og på denne måten fokusere på den eksplosive kunnskaps auken om polane som har funne stad gjennom forsking og utforsking dei siste ti åra.

“Me vonar denne dagen fyrst på NASA GISS og seinare på Explorers Club vil kaste lys over dei store utfordringane som pol områda står ovanfor i vår tid” seier Jostein Bakke.  Det er også viktig og syne at Norge og USA har sterke band når det gjeld forsking i pol områda. Dette er understreka av at det fortida oppheld seg ikkje mindre enn tre forskarar frå Institutt for geovitenskap i USA, i tillegg til Bakke er Kikki Kleiven og Ulysses Ninnemann, på eit års forskingsopphald ved Lamont Doherty Laboratory.