Jobbmuligheter
Her finner du en kort oversikt over ulike jobbmuligheter etter endt utdanning i geovitskap.
Bachelor studiet gir kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, samt klima og miljø. I skuleverket er "Geofag" eit linjefag i den vidaregåande skulen. Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.
Dei fleste med ein mastergrad i geovitskap får for tida arbeid i oljerelatert verksemd. Studiet skal gi deg godt grunnlag for arbeid innanfor oljerelatert verksemd, statlege og offentlege forvaltingsorgan, universitet og høgskolesektor og private konsulent- og forskingsinstitusjonar. Masterstudiet gir også kompetanse til arbeid innanfor nasjonale og internasjonale aktivitetar eller til eit doktorgradsstudium.
Dei fleste med ein doktorgrad ved institutt for geovitskap får for tida arbeid i oljerelatert verksemd, universitet og høgskolesektor samt ulike forskingsinstitusjonar både nasjonalt og internasjonalt.
Sist endret: 27.1.2010