Hjem
Senter for geobiologi

Hovedinnhold

A-D

Abiotiske faktorer:
Abiotiske faktorar vil seie faktorane i plantenes livsmiljø som ikkje direkte skuldast forholdet til konkurrerande artar, men som skuldast ytre forhold. Eksempel på abiotiske faktorar er lysforhold, temperatur, nedbør, vind og næringsstoff i jorda.

Anhydritt:
Anhydritt er eit mineral som består av kalsium og sulfat. Sulfat består av svovel og oksygen (CaSO4).

ATP:
Står for adenosintrifosfat. Dette er eit molekyl som har tre fosfatgrupper festa på seg. Bindingane mellom desse fosfata er veldig energirike. Når ein bakterie bryt desse bindingane, vil det dannes ADP, adenosindifosfat, ei fri fosfatgruppe, og mykje energi som bakterien kan bruke til å vekse og halde seg frisk.

Batymetri:
Ordet batymetri kjem av gresk ”bathys” som betyr ”djup” og ”metrikos” som betyr ”det som gjeld måling”. Batymetri er som eit topografisk kart, men under vatn. Eit batymetrisk kart gjev oss informasjon om til dømes djup i havet eller i ein innsjø.

Biosfæren:
Biosfæren er den delen av jorda (og atmosfæren) der det fins liv. Biosfæren er som eit lag (19 km) omkring heile jorda. Mesteparten av liv fins innan dei tre første km.

Black smokers:
”Black smokers” er skorsteinsliknande strukturar på havbotnen som består av metall-sulfid. Varm (~350oC) væske siv ut av skorsteinane som svart røyk. Den svarte fargen kjem av mineral partiklar som blir utfelt når det varme vatnet møter det kalde oksygenrike sjøvatnet.

CTD:
CTD står for conductivity-temperature-depth som betyr konduktivitet-temperatur-djup. Dette er eit av dei mest brukte elektroniske instrumenta i oseanografi. Instrumentet består av fleire flasker som er festa saman. Desse blir senka frå eit skip og ned i havet for å måle temperatur, trykk og elektrisk konduktivitet til sjøvatnet og høgde over havbotnen. Frå desse målingane kan forskarar rekne ut vassdjup, saltinnhald og tettleik. Medan instrumentet er i vatnet kan man frå båten opne ei og ei flaske og ta prøver av vatn frå forskjellige djup.

Divergerande platergrenser:
Divergerande plategrenser er grensa mellom to jordskorpeplater som går bort frå kvarandre. Vulkansk aktivitet dannar ny havbotnskorpe der platene går ifrå kvarandre. Midthavsryggen er eit døme på dette.

DNA:
Ordet DNA står for deoksyribonukleinsyre som består av eit makromolekyl (molekyl med høg molekylvekt) og ein polymer (molekyl som er bygd opp av fleire mindre einingar). Arvestoff i organismar er danna av DNA. Det fins fleire variantar av DNA.

E-H

Fotosyntese:
Fotosyntesen er ein prosess der grøne plantar nyttar energi frå sola til å kombinere vatn og karbondioksid til å produsere karbohydrat og oksygen.

Gallionella:
Gallionella ferruginea er ein jernoksiderande kjemolitotrof bakterie som lever under låge oksygenforhold. Bakterien oksiderar løyste jernforbindingar og fjernar desse frå sine omgivnader ved at dei produserar eit uløyseleg jernpresipitat. Gallionella ferruginea fins i forskjellige akvatiske habitat, bl.a. i aktive djuphavs hydrotermale områder. Bakterien er nyreforma, og når den veks og oksiderer jern dannast det frå den konkave sida ein tvista stilk. Stilkane blir lenger etter kvart som cella veks og det avsettast jernoksid langs stilkane, noko som kan observerast som rustbrune fargar.

Gasshydrat:
Gasshydrat er isliknande molekyl som består av eit gitter av vatn med eit eller fleire gassmolekyl fanga inne i gitteret. Gasshydrat er som is, stabile ved lave temperaturar, men fins opp til romtemperatur ved høge trykk. Gasshydrat finn ein mest i kalde strøk som Sibir, Canada, og i havbotnen der temperaturen er låg og trykket er høgt. Smelting av gasshydrat og utslipp av metan er ein mogleg forklaring på raske klimaendringar på jorda.

Gasskromatografi:
Gasskromatografi er ein kromatografisk metode som omfattar separasjon og måling av gass og flyktige komponentar i løysing. Enkelt forklart består apparatet av ein innsprøytningsport, ein tank med gass under trykk, eit langt rør og eit måleapparat i enden. Etter at prøva blir sprøyta inn i apparatet vil dei kjemiske komponentane i prøva gå gjennom røret saman med gassen, med ulik fart avhengig av kva fysiske og kjemiske eigenskapar dei har. Målaren registrerar mengda av komponentane og tidspunktet for når dei kjem fram.

Geofysikk:
Geofysikk er læra om jordas fysikk. Når man studerer geofysikk ser man på jordas oppbygging, samansetnad og utvikling ved hjelp av fysiske metodar. Man ser mellom anna på temperaturar i jordas indre, gravitasjons og geomagnetiske felt, midthavsrygger, fjellkjeder, jordskjelv, tyngdefelt og varmestrømming. Eit viktig resultat av geofysiske undersøkingar er forståing av platetektonikk

Geologi:
Ordet geologi stammer frå dei greske orda ge som betyr jord og logos som betyr lære. Geologi er altså læra om jordas opphav, oppbygging og utviklinga frå danninga for 4,6 milliardar år sidan og fram til i dag. Når ein studerer geologi ser ein mellom anna på mineral, bergartar, fossil og lausmassar. I tillegg ser ein også på dei fysiske, kjemiske og biologiske prosessane som verkar på jordas overflate og i jordas indre.

Geysir:
Ein geysir er ei varm kjelde som periodevis slynger ut og opp ei fontene av vatn. Årsaka til utbrota er at vatn samlast i ein gang nede i jordskorpa og varmast opp til langt over kokepunktet. Dette fordi vatnet er i kontakt med ei varm kjelde. Tyngda av alt vatnet vil auke trykket og vatnets kokepunkt. Til slutt nås kokepunktet og vatnet blir tvinga opp av geysiren. Det plutselege trykkfallet forandrar det overoppheta vatnet i røret til damp, og ein stråle med damp og glovarmt vatn spruter høgt opp i lufta. Når utbrotet døyr ut byrjar vatn å trenge inn i røyret igjen og startar prosessen på ny.

Havbotnspreiing:
Sjå midthavsrygg.

Hydrogen sulfid:
Hydrogensulfid er ei kjemisk forbinding som består av hydrogen og svovel (H2S). Det er giftig og luktar som rotne egg.

Hydrotermal:
Ordet ”hydrotermal” beskriv oppvarma løysingar, eller løysingar som er rike på varmt vatn. (sjå også hydrotermale væsker)

Hydrotermale områder:
Hydrotermale områder er områder med varme kjelder og geysirar. Varme eller smelta bergartar (magma) under jordskorpa driv systema ved at dei varmar opp vatn (hydrotermale væsker) og fører til at dei stig opp gjennom skorpa. Vi finn derfor hydrotermale områder nær vulkansk aktivitet og der magma er nært nok overflata til å varme opp væsker. Hydrotermale områder fins både på land (eks. Island og Yellowstone nasjonalpark) og til havs (eks. ved midthavsryggar og langs subduksjonssoner. På havbotnen består dei hydrotermale områda av skorsteinsliknande strukturar (eks. ”black smokers” og ”white smokers”). Desse kan opptre på alle djup og blir danna ved at det oppvarma vatnet løyser opp metall og andre kjemikalie på veg opp gjennom skorpa. På overflata vil desse bli utfelt og skorsteinane veks. (for betre forståing sjå figur om hydrotermale system)

Hydrotermale væsker:
Hydrotermale væsker er varmt vatn med oppløyste metall og andre kjemikalie. Desse blir danna ved at kaldt sjøvatn siv ned gjennom sprekker i havbotnen. Når vatnet kjem langt nok ned vil det bli oppvarma til ein temperatur på opp mot 400oC. Det oppvarma vatnet vil då stige opp og strøyme ut på overflata. Undervegs har vatnet løyst opp metall og andre kjemikalie som vil bli utfelt på overflata.

Hypertermofil:
Dette er ekstremt varmeelskande bakteriar som gjerne har eit vekst optimum på omkring 100°C. Det er funne bakteriar som veks på opptil 121°C.

I-M

Inkubator:
Ordet inkubator kjem frå latin og tyder kuvøse, rugekasse eller utklekkingsmaskin. Apparatet består av ein boks eller eit rør med konstant temperatur og eit tilrettelagt miljø. I vårt tilfelle blir det nytta til dyrking av mikroorganismar.

Jan Mayen:
Jan Mayen er ei norsk øy som ligg ute i Atlanterhavet. Den er 373 km2 stor og ligg på 71N 8V. På denne øya ligg Noregs einaste aktive vulkan, Beerenberg, som med sine 2277 meter også er eit av Noregs høgaste fjell. Vulkanen, som i tillegg er verdas nordligaste aktive vulkan, hadde sitt siste utbrot i 1985. Dei einaste folka som bur på Jan Mayen er dei som jobbar på den norske radio- og værstasjonen. I tillegg har forsvaret ein stasjon der.

Kjemosyntese:
Kjemosyntese er ein prosess der bakteriar tar energi frå kjemikalie, slik som hydrogen sulfid, for å kombinere vatn og karbondioksid til å produsere karbohydrat.

Krill:
Krill er rekeliknande krepsdyr som på våre kantar er viktig som mat for fiskeartar som sild, sei, torsk, makrell og kval. Dei er utstyrt med lysorgan og kallast derfor ofte lyskreps. Ein krill er ca 1g tung og 2 - 4 cm lang. Du kan sjå forskjell på krill og reke ved å studere halen. Halen på ei reke går i ein bøy, medan halen til krillen går rett bak.

Kromatografi:
Kromatografi omfattar fleire metodar innan analytisk kjemi og nyttast til separasjon av kjemiske komponentar i gass eller løysingar. Hovudprinsippet er at komponentar med ulike fysiske og kjemiske eigenskapar (eks. molekylvekst, kokepunkt, elektrisk ladning) vil gå med ulik fart gjennom eit kromatografisk system og på denne måten bli målt på ulike tider på eit gitt punkt, eller på ulike punkt ved ei gitt tid. Ein av hovudmetodane innan kromatografi er gasskromatografi, som brukast til å analysere gass og flyktige komponentar i løysingar.

Lava:
Lava er smelta stein som når jordoverflata. Dersom den smelta steinen er under jordoverflata kallast den magma.

Litosfæren:
Ordet litosfære kjem av det greske ordet lithos som betyr stein og sfaira som betyr kule. Vi kan dele jorda inn i tre deler; jordskorpa, mantelen og kjernen. Jordskorpa er som eit tynt skal rundt jorda, som varierer i tjukkleik. Den er tjukkast under kontinenta (35 km) og tynnast under verdshava (7 km). Ned til 100 km er mantelen fast. Jordskorpa og den øvre, faste delen av mantelen utgjer det vi kallar litosfæren. Litosfæren er oppdelt i fleire mindre plater som kan flytte seg i forhold til kvarandre. (sjå platetektonikk).

Magma:
Magma er smelta stein under jordoverflata. Dersom magmaet når jordoverflata kallast den lava.

Mantel:
Mantelen er det tjukke skalet av tett, bergartsmateriale som ligg mellom jordas kjerne og jordskorpa. Mantelen er omtrent 2800 km tjukk.

Mesopelagen:
Vassmassane på djup mellom 200 og 1000 meter blir kalla mesopelagen. Over mesopelagen ligg epipelagen, og under bathypelagen. Mesopelagen karakteriserast av at det er for lite lys til å drive fotosyntesen, og derfor kan berre dyr og ikkje planteplankton leve der (sjå til dømes mesopelagisk fisk).

Mesopelagisk fisk:
Mesopelagisk fisk lever i det mesopelagiske laget. Dei har store auge, lys underside, mørk overside (såkalla ”countershading”) og veldig ofte lysorgan som dei lagar sitt eige lys med. Desse er plassert på undersida av fisken og bryt opp silhuetten av fisken slik at den ikkje kan sjåast frå undersida av fiendar. Mesopelagisk fisk foretar også vertikal døgnvandring. Dei held seg djupt om dagen, grunnare om natta og vandrar gjerne frå fleire hundre meter og opp til overflaten. Grunnen til dette er at dei vil sjå byttet sitt, samtidig som dei vil gjere risikoen for sjølv å bli eten opp så liten som mogleg. Eksempel på mesopelagiske fiskeartar er Laksesild (Meurolicus muelleri) og Lysprikkfisk (Benthosema glaciale).

Midthavsrygg:
Når to plater går frå kvarandre på grunn av straumar i mantelen, vil litosfæren sprekke opp og flytande lava vil trenge seg opp til overflata. Når dette skjer under havoverflata vil lavaen danne ei fjellrekke på botnen av havet. Ei slik undersjøisk fjellrekke kallar vi midthavsrygg. Fjellkjeda er ei samanhengande fjellrekke som er meir enn 50 000 kilometer lang og opp til 800 kilometer brei. Nokre stader kjem vulkanane over havoverflata. Eit eksempel på dette er Island som ligg midt i Atlanterhavet.

Mikroorganismer:
Mikroorganismer er alle organismar som er for små til at vi kan sjå dei utan mikroskop, f. eks. bakteriar, protozoar og virus. Desse organismane består av kun ei celle, medan menneskekroppen består av trillionar av celler. I cellene våre ligg DNA avgrensa i ei cellekjerne. Ein mikroorganisme har ikkje ein slik kjerne. Hos dei flyt DNA fritt omkring i cella.

Mineral:
Eit mineral er eit stoff med spesielle eigenskapar. Det er eit fast, uorganisk stoff med naturlig opptreden. Stoffet har ein ordna indre struktur (dvs. at atoma er ordna på ein bestemt måte) og bestemte kjemiske og fysiske samansetnader. I naturen fins det meir enn 3500 forskjellige mineral. Eit eksempel på eit vanleg mineral, som du sikkert kjenner til, er salt. Salt har den kjemiske formelen NaCl. Det vil seie at det er bygd opp av atom av grunnstoffa natrium og klor. Mange mineral er viktige råstoff i kjemisk og metallurgisk industri. Desse kallast industrimineral.

N-R

Organisme:
Ein organisme er eit levande vesen, eit individ av eller ein representant for ein biologisk art. Det fins både eincella (sjå mikro-organismer) og fleircella organismar (blant anna dyr, planter og sopp).

Osmosepumpe:
Osmose er eit uttrykk som er brukt for å beskrive bevegelse av ei væske gjennom ein halvgjennomtrengeleg membran. Transporten av væska skjer frå den sida som har lågast konsentrasjon av oppløyste stoff (salt, sukker, syrer etc.) over til den sida som er mest konsentrert. Osmosepumpa er derfor utstyrt med salt slik at vatnet blir trekt inn i pumpa og inn i ein slange. Ved analyse blir slangen klipt opp i små biter og man får ein kjemisk tidsserie på vatnet.

Plankton:
Ordet plankton kjem frå gresk og tyder ”det som svever”. Plankton fins i både ferskvatn og saltvatn og blir delt inn i planteplankton og dyreplankton (zooplankton). Dei har svak symjeevne og let seg drive med straum og bølgjer. Dei minste planktona kan berre sjåast i mikroskop, medan dei største blir kalla makroplankton og er frå 2 til 20 cm lange.

Planteplankton:
Planteplankton er dei små mikroskopiske plantane i planktonsamfunnet. Dei er eincella, ofte kjededannande, og inneheld klorofyll slik at dei ved hjelp av sollys kan omdanne koldioksid (CO2) og næringssalt til organisk materiale (fotosyntese). Planteplankton lever i det epipelagiske laget, som er djup mellom 0 til 200 meter.

Platetektonikk:
Jordskorpa er ikkje eit samanhengande skal som omgjer jordas indre. Den er bygd opp av mange mindre jordskorpeplater som flyttar seg i forhold til kvarandre. Rørsla til platene blir kalla platetektonikk. Drivkrafta bak platetektonikken er konveksjon i mantelen. Store delar av både jordskjelvaktivitet og vulkansk aktivitet på jorda skuldast platetektonikken. (Lær meir om platetektonikk her)

Putelava:
Ved vulkanutbrot under vatn kan ein få danna puteliknande masser som ligg uregelmessig stabla oppå kvarandre. Putene vil få ei glasaktig skorpe pga rask avkjøling når den varme lavaen kjem i kontakt med det kalde vatnet.

R.O.V:
R.O.V står for ”Remotely Operated Vehicle” som tyder ”fjernstyrt maskin.” Dette er ein robot som blir fjernstyrt frå båten. Roboten er utstyrt med mellom anna videokamera og ulikt arbeidsutstyr. På dette toktet brukar vi roboten til å filme havbotnen, måle temperaturar og til å ta opp prøver av mellom anna stein, vatn, gass og organismar.

S-Å

Sediment:
Ordet sediment kjem av det latinske ordet sedere som betyr slå seg ned. Sediment er vanlegvis lausmateriale som har blitt avleira frå vatn, luft og is, men kan også vere lausmassar som har blitt danna på staden ved forvitring. Sediment er danna på eller nær overflata som eit resultat av dei ytre prosessane forvitring, transport og avleiring. Ved samanpressing og sementering vil dei lause sedimenta gå over til å bli faste sedimentære bergartar.

Sonar:
Sonar står for “sound navigation and ranging.” Dette er eit instrument som hovudsakleg blir brukt til oppdaging og lokalisering av objekt under vatn. Dette skjer ved registrering av reflekterte akustiske (lyd) bølgjer som kjem frå objekta.

Spektrofotometer:
Spektrofotometer er eit instrument som blir brukt til kjemisk analyse. Prøven som skal analyserast kan vere i gassform, væske (løysing) eller fast stoff. I vårt tilfelle blir prøvane løyst opp i eit løysemiddel. Det blir så sendt ein lysstråle gjennom stoffet og eit måleinstrument på motsatt side fangar opp strålen. Styrken på strålen gjev oss informasjon om prøven.

Subduksjonssone:
Ei subduksjonssone er eit område der ei litosfærisk plate går under ei anna der to plater flyttar seg mot kvarandre (sjå platetektonikk).

Sulfat:
Sulfat er oksygenrike svovelhaldige mineral.

Sulfid:
Sulfid er oksygenfattige svovelhaldige mineral.

Symbiose:
Symbiose er når to ulike artar lever saman. Vi definerar tre ulike formar for symbiose: (1) Mutualisme, der begge artar nyt godt av samspelet (korallpolyppar og zooxanthellae (algane deira)) (2) Kommensialisme, der den eine arten har fordel og den andre verken tapar eller vinn på symbiosen (Pilot fish og Manta ray) (3) Parasittisme, der den eine part nyt godt og den andre tapar på samspelet (lakselus og laks).

Termofil:
Dette er varmeelskande bakteriar som har ein optimal vekst ved ca 50°C. Dette er temperaturen dei trivast best i og vil ha best vekst.

Topografi:
Topografi kjem frå dei greske orda topos som betyr stad og grafi som betyr skrift/skildring. Topografi skildrar terrengforhold som høgde, vegetasjon, hav, innsjøar, elvar, busetnad osv. Eit topografisk kart gjev oss informasjon om terrengforholda i eit bestemt område. Skildring av tilsvarande forhold under vatn kallast batymetri.

Trykk:
Trykk er definert som kraft delt på areal: P = F/ A,
P er trykket
F er krafta (F = M • a, der M = masse (kg) og a = akselerasjon (m/s))
A er arealet
Eininga for trykk er N/m2 og kallast Pascal (oppkalla etter den franske matematiker, fysiker og filosof Blaise Pascal). Trykk kan også ha andre eininger som atmosfære (atm), bar, torr og millimeter kvikksølv (mm Hg).
Eksempel på trykk:
Fakirstol - når ein person set seg på 1 spikar vil all tyngdekraft frå personen kvile på den eine spikaren. Dersom ein person set seg på 10 spikar istaden, vil personen si tyngdekraft fordele seg på alle ti. Set personen seg på 100 spikar vil tyngdekrafta bli fordelt på 100. Dess mindre spikar dess meir vondt gjer det. Stiletthæl - eit anna eksempel er å samanlikne trykket frå ein stiletthæl frå ei kvinne på 70 kg på eit golv og trykket frå føtene til ein elefant på 3 tonn på det same golvet. Trykket mot golvet frå kvinna er 400 ganger større enn trykket frå elefanten.

TS-sonde:
TS-sonde er eit akustisk apparat som fungerar på same måte som ekkoloddet på et skip. Sonden sender lydbølgjer ned i vatnet som reflekterast når dei treff noko anna enn vatn (til dømes ein fisk eller ein krill). Lydbølgjene kjem då tilbake til sonden der styrken på ekkoet registrerast. Forskjellen mellom sonden og ekkoloddet på eit skip er at der skipet ser ei sky av dyr, kan sonden skilje ut enkeltindivid fordi den senkast ned og dermed kjem heilt inntil området som observerast.

Utfelling:
Utfelling er separasjon av mineral. frå ein gass eller væske

Zooplankton:
Ordet zooplankton (dyreplankton) brukast om alle dyr som lever fritt i vassmassane med lita evne til å sjølv bestemme kvar dei fer. Dei flyt stort sett med straumen. Ein finn zooplankton i desse dyregruppene: krepsdyr, børstemark, maneter, Pilmark, larvestadium for krepsdyr, pigghud, fisk og mange fleire.

Økosystem:
Eit økosystem er eit samfunn av organismar saman med abiotiske (livlause) faktorar i miljøet som omgjev dei. Eit økosystem kan vere lite (ein pytt), litt større (skog) eller omfatte heile biosfæren (dvs den delen av jorda der levande organismar kan eksistere).