Studentliv
17.02.2012

Geoklubben for sosiale studentar

Når du er student er det sosiale like viktig som det faglege, meiner Carina Reierson Ausdal og Espen Eidsnes i Geografisk Klubb.

Marcus og Amalie på Geojulebord

Tommelen opp og god stemning på Geoklubben sitt årlege julebord
Tommelen opp og god stemning på Geoklubben sitt årlege julebord

Med historiske linjer tilbake til 1973 er dagens studentar stadig engasjerte i Geografisk Klubb, Geoklubben i daglegtale, for å skapa eit godt sosialt miljø mellom gamle og  nye studentar, og til tilsette ved Instituttet for geografi.

Leiar og økonomiansvarleg Carina Reierson Ausdal og quizmaster Espen Eidsnes fortel at Geoklubben arrangererer årlege julebord og fagfestar, quizkveldar og andre arrangement kvart semester. Dei møtes 1-2 gonger i månaden for å planlegga arrangement. Neste arrangement på planen no er ein hyttetur med skiaktivitet til Voss.

Fagutvalget sitt sosiale avkom

Geoklubben er dattergruppa til Fagutvalget på instituttet. Der Fagutvalget er opptatt av fagpolitiske saker, har Geografisk Klubb sitt fokus på sosiale- og ikkjefaglege arrangement.

- Når du begynner på UiB blir du tatt godt vare på i faddergrupper. Geoklubben sørger for at geografistudentar skal ha eit sosialt tilbod også når fadderveka er over, seier Carina.

Geografistudentane ved UiB er ei sosial og samansveisa studentgruppe. Det er stort fokus på feltkurs og ekskursjonar i bachelorgraden og dette fører til at studentane blir godt kjent. I tillegg bidrar altså Geoklubben sine arrangement til ei endå tettare samansveising.

- Når du kjenner dine medstudentar er det lettare å studera. Det å få vennskap på UiB er difor ei viktig kjelde til lærdom, meiner quizmaster Espen.

Han oppfordrar også den vitskaplege staben til å delta på Geoklubben sine arrangement.

Geoklubben søker ny medlem

Geoklubben har i dag 20 medlemmar som er med på planlegging av ulike arrangement. Dei fleste av desse skal på utveksling til hausten og Geoklubben treng difor nye engasjerte geografistudentar for å halda tradisjonen gåande.
Dessutan tar Geoklubben også i mot tips. Har du ein god ide til å styrka det sosiale? Veit du om noko som skjer som er aktuelt for geografistudentar å delta på?

Om du vil bli medlem eller har tips, ta kontakt med Geoklubben!

geoklubben@geog.uib.no