Fagkritisk dag
06.03.2012

Konstruktiv fagkritikk frå geografistudentane

Fagutvalget ved Institutt for geografi satte i år fokus på studiekvalitet og emneevaluering under Fagkritisk dag ved UiB.

1-IMG_3153.JPG

Paneldebatt. Amalie Sandaa Vaage, Ingrid Lycke Austbø, Marius Smistad, Hedda...
Paneldebatt. Amalie Sandaa Vaage, Ingrid Lycke Austbø, Marius Smistad, Hedda Idland, Karoline Follestad, Reber Roald Iversen, Ida Steffensen, Odd Inge Steen, Marcus Holje, Helge Tvedt.

- Studentane er førstehandskjelder til kritikk av pedagogisk opplegg og praktisk gjennomføring av undervisninga, men emneevalueringane er for lite synlege, fortel Ida Steffensen, leiar av Fagutvalget ved Institutt for geografi.

Ida utgjorde saman med Marcus Holje og Sven Kallevik planleggingskomiteen. Dei tok utgangspunkt i resultata frå emneevalueringar frå studentane dei siste åra. Fag- og forskingsansvarleg Jorid Martinsen frå Studentparlamentet innleia arrangementet med ei innføring i evalueringar og studiekvalitet. Vidare såg studentane nærare på ulike problemstillingar i grupper. Etter lunsj deltok undervisningsleiar Odd Inge Steen, masteransvarleg Peter Andersen og studiekonsulent Grethe Meling frå instituttet i ein paneldebatt.

Seminarundervisning

Dei seminara som fungerer best er godt samkøyrte med forelesingane når det gjeld tema og har fokus på relevante case, gruppearbeid og studentpresentasjonar. Det er viktig at seminarleiar får god opplæring, har ein god struktur på seminara og stiller krav til studentane om aktiv deltaking.

- Seminara er gode tillegg til forelesingane sidan dei gir studentane ein god sjanse til å delta meir aktivt, både gjennom presentasjonar og gruppearbeid. Det å få jobbe med stoffet på denne måten gir god trening til eksamen, seier bachelorstudent Carina Reierson Ausdal.

Tilbakemeldingar

Gjennom geografistudiet er det mange obligatoriske arbeidskrav som skal vera godkjende før studentane får gå opp til eksamen. Studentane er opptekne av å få tilbakemeldingar.  Ei godkjent innlevering utan kommentarar gir lite å jobbe vidare med fram til eksamen.

Tilbakemelding må heller ikkje alltid koma frå seminarleiar eller emneansvarleg. Eit opplegg der studentane skal kommentera andre sine svar, gir også god trening. Då får du tilbakemelding på eige arbeid samtidig som du får impulsar frå andre.

Undervisningsleiar Odd Inge Steen poengterer at dette også er eit ressursspørsmål, men at instituttet har fokusert på å ha eit bredt spekter av ulike pedagogiske opplegg.

- Målet vårt er å ha ulike vurderingsformer og pedagogiske opplegg gjennom studiet. Vi har eit gjennomgåande fokus på feltkurs og prosjektarbeid, men det er ikkje eit mål at alle emne skal ha mappeevaluering. Variasjonen er viktig, seier Odd Inge Steen.

Pedagogisk kvalitet

Geografifaget har mange bra forelesarar som kan faget sitt godt, men dei er først og fremst forskarar og har ikkje alltid same kravet til formidling som til innhaldet, meiner studentane. Forelesingane har veldig mykje å seie for interessa for faget.

- Dei forelesarane som klarar å få fram sitt eige engasjement for faget og viser kor viktig det er, har dei mest engasjerte studentane, seier masterstudent Helge Tvedt. Han er også oppteken av at forelesarane har fokus på arbeidslivsrelevans i undervisninga for å tydeleggjera verdien av kunnskapen for studentane.

Av konkrete tiltak foreslår studentane at forelesarane avklarer på første forelesing kva som blir praksis for det enkelte emnet. Blir det lagt ut presentasjonar før forelesing? Kva forventar forelesar av studentane? Det er positivt at det er mange forelesarar som er inne på same emne, men studentane poengterer at det er emneansvarleg som må trekka trådane mellom ulike tema. Dei foreslår også enkel kursing i bruk av ppt-presentasjonar.

- Men det aller viktigaste er likevel at forelesarane brukar ei pedagogisk form som dei er komfortable med. Det gir alltid best resultat, seier bachelorstudent Marthe Torset.

Emneevaluering

Til slutt på den fagkritiske delen av programmet var fokuset på emneevaluering. Kva form fungerer best? Kva er det beste tidspunkt for studentevaluering? Korleis blir resultata tatt vidare? Både studentar og tilsette var einige om at det er viktig å utvikla rutinane for oppfølging av resultata og få opp svarprosenten frå studentane.

-Emneevaluering er viktig og legg grunnlaget for ei positiv utvikling av studietilbodet som igjen skaper gode geografar, oppsummerer Ida Steffensen før dagen vart avslutt med studentbakte kaker.

Førsteamanuensis og masteransvarleg ved instituttet, Peter Andersen, oppsummerer dagen slik:

- Det er heilt klart den første fagkritiske dag eg har opplevd der det først og fremst var studentane som var aktive og kritiske. Fint arrangement!