Hjem
Institutt for geografi
Utveskling

Utveksling i Utrecht

Geografistudent Kristina Wensaas reiste på utveksling for å få internasjonal erfaring, bli meir sjølvstendig, læra eit nytt språk og oppleva ein anna kultur.

Kristina på campus.
Kristina på campus.

Hovedinnhold

På ein ferietur til Nederland fekk ho smaken på pannekaker, ost, dei vakre kanalane og gamle husa. Ho ville oppleva meir av dette og bestemte seg for å bli utvekslingsstudent i Utrecht siste året av bachelorgraden i geografi ved UiB.

Fagleg utbytte

Universitetet i Utrecht har eit stort geografimiljø ved eit eige fakultet for geofag. For Kristina var det også ein motivasjon å få læra eit nytt språk. Ho starta difor å læra nederlandsk i Bergen før ho reiste og tok det intensive språkkurset som blir arrangert i Utrecht før semesterstart. Målet var å ta eit kurs som blir undervist på nederlandsk, og det har ho gjennomført.

I Utrecht tar ho kurs i GIS (geografiske informasjonssystem), politisk geografi, bygeografi, globale bysystem i tillegg til kurs om offentleg administrasjon og organisasjonar, Kina i endring og europeisk integrasjon.

Kristina ser både fordelar og ulemper med undervisnings- og eksamensopplegget i Utrecht. Ho meiner det er for mykje gruppearbeid. Gruppearbeid med innlevering som tel  50 % og individuell eksamen som tel 50 % av karakteren er vanleg. Eksamensordning med mange korte spørsmål og svar eller svaralternativ er ho heller ikkje begeistra for.

Men faglig har ho fått myke ut av dette året. Det å delta i eit undervisningsopplegg som er annleis enn heime, er ei nyttig erfaring. Det er meir obligatorisk aktivitet og oppmøteplikt på forelesingane. Ho er på campus frå ni til fem kvar dag.

- Det dei spesielt flinke på her er dette med at vi sjølv må finna litteraturlister. Slik lærer vi å kjenna igjen ein god artikkel, og bruka den som teoretisk grunnlag i ei oppgåve, seier Kristina.

Ho meiner også at det er eit godt læringsmiljø på universitetet med eit flott bibliotek, lesesalar og datarom.

- Det faglege utbytte er veldig bra. Det er krevande, fleire innleveringar og meir arbeid undervegs. Det lærer eg mykje av, seier Kristina.

I Nederland er alt sentralt

Utrecht ligg kun 20 minuttar med tog frå Amsterdam. Når du er vane med å bu i Bergen, blir alt så nærme i Nederland. Det er lett å ta dagsturar til andre byar i landet, og storbyane i nabolanda er heller ikkje lenger enn ein togtur unna. Det er 3 timar med tog til Paris, 5 ½ til London og 6 timar til Berlin.

Og vil ein halda seg i ro, er Utrecht er ein fin by å bu i.

- Det beste med å bu her er sykling, kanalane, dei grøne parkområde, alle koselege kafear og blomstermarknaden. Det er finare her enn Amsterdam, meiner Kristina.

Sykkelen er eit godt transportmiddel. Frå Utrecht kan ein ta ein sykkeltur til Amsterdam dra på sykkeltur sør i Holland, der ein syklar frå landsby til landsby. I Utrecht brukar ho også sykkelen som transportmiddel.

- Du kan ikkje leva her utan sykkel. Eg har min tredje sykkel no. Dei to første mista eg ved uforsiktig låsing, fortel Kristina.

Livet ein annan stad

Når du skal på utveksling er forventningane store om alt som skal opplevast og alle ein skal bli kjent med. Som student i heimbyen Bergen har Kristina eit stort nettverk. Ho var ikkje førebudd på at det kunne vera vanskeleg å ikkje ha det kjente nettverket rundt seg i kvardagen. 

- Eg tenkte at eg skulle ha det same livet mitt ein anna stad for eitt år, men det var meir annleis enn eg hadde trudd. Det er ingen kjente rundt deg og det må du rekna med. Det er nok viktig å ikkje ha så høge forventningar, seier Kristina.

Ho tenker at dei som reiser på utveksling til Afrika eller Asia forventar at alt er annleis. Når du reiser som erasmusstudent, tenker du at skilnadane ikkje er så stor i Europa og du er kanskjer ikkje like godt førebudd på at du faktisk skal leva utan nettverket ditt. I etterpåklokskapen meiner ho også at det er viktig å delta på det som skjer ved semesterstart. Sjølv unngjekk ho mykje av dei sosiale arrangementa fordi ho meinte det var for mykje fokus på fest.

- Bli med på det som skjer. Om du ikkje likar opplegget så godt, finn du sikkert andre som tenker som deg. Det er lurt å bygga opp eit nytt nettverk tidleg og du må gjera ein innsats sjølv, rådar Kristina.

Dette er også ei erfaring som er nyttig å ha med. No er året som utvekslingsstudent i Utrecht er over og bachelorgraden i geografi er fullført.

- Det har vore utfordrande med mange opp- og nedturar, men eg angrar ikkje på noko og er veldig glad for at eg kom hit. Eg har hatt eit enormt fagleg utbytte og fått sansen for å studera utanfor Norge, opppsummerer Kristina opphaldet sitt.

Sansen for studentlivet ein anna stad viser seg også i framtidsplanane. Ferda går nemleg ikkje tilbake til Bergen. Kristina har kome inn på eit masterstudium i Transport & City Planning ved University College of London (UCL).

- Eg gler meg veldig til å flytta til London og starta på dette programmet, sjølv om eg har litt lyst til å bli i trygge Bergen, seier Kristina.