Kritiske perspektiv på miljø og utvikling
Geo 337 - Masterkurs på nettet.
Gi studenten ei innføring i nyare teoriar om miljø og utvikling. Skape ei djupare forståing av aktuelle forskingstema i utviklingsgeografi og miljøgeografi, gjerne med relevans for masteroppgåva.
Emnet byggjer på forsking innan miljø og utvikling og legg opp til eit kritisk perspektiv på etablert kunnskap som har dominert bistand/utviklingsstrategiar. Myter og narrativ om tema som klimaendringar, avskoging, forørkning og erosjon blir analysert i lys av vitskapsteori der kunnskap blir sett på som sosiale konstruksjonar. Konvensjonell kunnskap om landdegradering blir utfordra i lys av ny økologi og politisk økologi. I samspelet mellom naturen og menneska er institusjonar, dvs. etablert sosial praksis, viktige. Institusjonar er viktige med omsyn til maktforhold i lokalsamfunn og ulike grupper sin tilgang til ressursar.
Sist endret: 30.11.2011
Nyheter fra Institutt for geografi
- Geografar samla til alumnustreff (18.05.2012)
- Regionens rolle i rekruttering av arbeidskraft (30.04.2012)
- Institutt for geografi på Christiekonferansen (26.04.2012)
- Konstruktiv fagkritikk frå geografistudentane (06.03.2012)
- Terje Tvedt til The Thor Heyerdahl Institute (22.02.2012)