Hjem
Click

Geofysisk institutt

Overrekking av kunst-gåve til Geofysisk institutt

I samband med Geofysisk institutt (GFI) sitt 100-års jubileum har instituttet fått gåve frå det Matematisk-Naturvitskaplege fakultet. Gåva er eit kunstverk av kunstnaren Katrin von Lehmann. Tysdag 21. februar kl. 14.30 vert gåva overlevert GFI.

I 2014 var kunstnaren Katrin von Lehmann ved GFI i 2 månader for å finne inspirasjon til eit kunstprosjekt ho var i gang med. Opphaldet resulterte i fleire kunstverk, som vart vist fram på utstillinga: Shifting – an intervention at the Geophysical Institute and the Bjerknes Centre for Climate Research på GFI i oktober 2015.

Meir informasjon om kunstprosjektet og utstillinga kan ein finne i lenkene nedanfor:
http://www.bjerknes.uib.no/artikler/nyheter/soken-etter-kunnskap-i-det-vi-ikke-kan-se
http://www.uib.no/node/71336
http://www.uib.no/kunst-og-hage/92282/kunstutstilling-på-geofysen

For dei som er interesserte i meir informasjon om kunstnaren kan ein finne det på nettsida hennar:
www.vonlehmann.com

Den formelle overrekkinga av gåva skjer tysdag 21. februar kl. 14.30 i 2. etasje i Allegaten 70.

Arrangementet er opent for alle.