Hjem

Geofysisk institutt

Om Geofysisk institutt

Geofysisk institutt (GFI) driv med forsking og forskingsbasert undervisning innanfor fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk og biogeokjemi. Instituttet er blant dei eldste fagmiljøa ved Universitetet i Bergen (GFI vart oppretta i 1917) og har omlag 63 vitskapelege og 20 teknisk/administrative stillinger (2015).

Geofysisk institutt (GFI) er eit mellomstort institutt ved det matematisk-naturvitskaplege fakultet. GFI er blant dei mest aktive miljøa ved UiB når det gjeld ekstern-finansiert forsking - særleg EU-finansiert forsking - og våre fagmiljø er sterkt etterspurte samarbeidspartnarar i mange samanhengar.

Kortversjonen av vårt strategidokument for 2014 - 2019 finn du her.

GFI har ansvar for bachelorprogram (Oseanografi og meteorologi) og masterprogram (Meteorologi og oseanografi og Energi), i tillegg til forskarutdanning.

Forskinga ved GFI er organisert i 4 forskingsgrupper: Fysisk oseanografi, Meteorologi, Klimadynamikk og Biogeokjemi.