Hjem
Geofysisk institutt

Strålingsobservatoriet

På taket av Geofysisk institutt har vi sidan 1952 målt solskinstid i regnbyen Bergen.

Frå 1952 er timevis solskinstid registrert med ein Campell-Stokes...
Frå 1952 er timevis solskinstid registrert med ein Campell-Stokes solskinstidsregistrator
Foto/ill.:
Endre Skaar

Hovedinnhold

 

Ved Strålingsobservatoriet på taket av Geofysisk institutt måler vi kortbølga solstråling og langbølga atmosfærisk (terrestrisk) stråling.

Målingar av solskinstid starta alt i 1952, medan solstråling og atmosfærisk stråling er målt sidan 1965. Alle dataene fins som timevise data. Frå 1965 er dataene publiserte i årbøker. I tillegg til dette er dei samla i ein stor internasjonal database ved World Radiation Data Center i St. Petersburg.

Dataene har også vore nytta i mange forskingsprosjekt, i dei seinare åra mellom anna dei to EU-prosjekta Satel-light og Heliosat3. Vi deltek no i eit Cost-prosjekt COST 726 om UV-klimatologi og endringar av UV stråling i Europa.

Stråling i Bergen i dag

Her finn du lenker til grafar som gir deg informasjon om solstrålinga i Bergen i dag.

Historiske data

Frå 1965 er dataene publiserte i årbøker. I tillegg til dette er dei samla i ein stor internasjonal database ved World Radiation Data Center i St. Petersburg. Her finn du dei Strålingsårbøkene som vi har i pdf-format. Du finn også lenker til grafar som gir deg informasjon om variasjonar i solskinstid og solstrålinga gjennom dei åra vi har målingar i Bergen.

Annan informasjon

Her finn du informasjon om dei ulike strålingsinstrumenta, og om ein del av publikasjonane der data frå Strålingsobservatoriet har vore brukt.

Prosjekt

Data frå Strålingsobservatoriet har vore brukt i ulike internasjonale prosjekt der Geofysisk institutt har delteke. Her kan du lese meir om dei ulike prosjekta.