Hjem
Click

Griegakademiet - Institutt for musikk

Musikk som behandling

Julie Mangersnes jobbar med barn og unge i alderen 0-18 år på ulike barnepostar på Rikshospitalet.

– Vi tilpassar aktivitetar og mål basert på kvar enkelt pasient sitt behov og ønskjer.

På Rikshospitalet blir musikkterapi tilbydd som støttande terapi ved sidan av den medisinske behandlinga. Som musikkterapeut jobbar Julie som ein del av det tverrfaglege teamet på barnepostane.

– Vi tilpassar aktivitetar og mål basert på kvar enkelt pasient sine behov og ønskjer, ofte i samarbeid med dei andre faggruppene, fortel ho.

Tilbodet i musikkterapi bygger på det friske i pasienten og er utvikla på grunnlag av forskingsbasert kunnskap om samanhengen mellom musikk og helse.

Variert kvardag


Arbeidsdagen til Julie er svært variert.

Det kliniske tilbodet inkluderer mellom anna individuelle musikkterapitimer, grupper og miljømusikkterapi.

– På det enkelte pasientrommet tilbyr vi samspel, songskriving, improvisasjon, lytting/visualisering/tankereiser, hjelp til avspenning/kvile og instrumentundervising.

Eit fast gruppetilbod kvar veke er musikkgruppe i fellesrom som er ope for alle, med fokus på sosialt fellesskap, aktivitet og felles opplevingar.

– Vi driv også med miljømusikkterapi som er musikk i det opne rom for å skape ei avslappa, mindre stressande atmosfære på sjukehuset.

Deltek i forskingsprosjekt


Julie deltek også på tverrfaglege møter og er for tida involvert i eit forskingsprosjektet om korleis to ulike musikkintervensjonar verkar på deltakarar som får behandling med kjemoterapi.

– Musikkintervensjonane har som formål å redusere biverknader av kjemoterapi hjå born og ungdom med kreft. Dei skal også virke avleiande og gje dei eit pusterom frå behandlinga, seier ho.