Gå til innhold
English A A A

Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT)


Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT) sin hovudfunksjon er å etablere og gjennomføre forskingsprosjekt som kan generere ny kunnskap om musikkterapi og om musikk, helse og utvikling i vidare forstand.

GAMUTs heimeside:

http://www.gamut.no

Forskingssenteret, som vart etablert i 2006, spring ut av fagmiljøet i musikkterapi ved Griegakademiet, institutt for musikk, UiB, og samarbeider med mange ulike fagmiljø, både regionalt og internasjonalt.

GAMUT arbeider slik gjennom ulike tverrfaglege nettverk og har difor fått ei forkorting som kan fungere internasjonalt. På engelsk tyder gamut "heile skalaen", i bokstaveleg eller overført tyding, noko som skulle vere eit godt bilete på eit senter som spring ut av det musikkfaglege og som samstundes vil fange opp ei lang rekkje tverrfaglege problemstillingar

I tillegg til drift av ulike forskingsprosjekt, tilbyr GAMUT rettleiing og forskingsbaserte kurs og foredrag. Senteret gjev også ut to internasjonale tidsskrift:

Se også  http://www.unifobhelse.no/projects.aspx?ci=112

 

For nærare opplysningar om tidsskrifta, kontakt redaksjonssekretær Rune Rolvsjord.

For nærare opplysningar om GAMUT sine aktivitetar generelt, inklusivt rettleiing, kurs og foredrag, kontakt forskingsleiar, professor Brynjulf Stige.

GAMUT informasjon

 

 

 

Sist endret: 15.9.2009