Ledig stilling som førsteamanuensis i musikkterapi
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, UiB, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i musikkterapi. Den som vert tilsett vil også inngå i ei tematisk arbeidsgruppe ved GAMUT.
Faggruppa ved musikkterapistudiet på Griegakademiet
Faggruppa knytt til studiet omfattar i dag fem faste universitetsstillingar, ein postdoktor og ein stipendiat.
Faggruppa samarbeider tett om utviklinga av studiet og den som vert tilsett på rekne med å ta del i dette samarbeidet, undervise i og ta ansvar for aktuelle emne. Undervisninga skal vere forskingsbasert.
Frå hausten 2010 etablerer UiB eit femårig integrert masterprogram i musikkterapi, med årlege opptak. Talet på studentar vil då auke frå 24 i dag til 60. Det vert også arbeidd med å utvikle forskaropplæring i musikkterapi på PhD-nivå.
Forskergruppa ved GAMUT
UiB og Uni helse samarbeider om å utvikle GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking. For tida arbeider seks forskarar på heiltid og seks på deltid ved senteret. Det er venta at desse tala vil auke i åra framover. Målsetjingar for etableringa av GAMUT er:
- å utvikle eit norsk musikkterapeutisk forskingssenter på høgste internasjonale nivå
- å sikre adekvat kunnskapsutvikling innan universitetsfaget musikkterapi
- å utvikle samfunnsrelevant kunnskap om samanhengar mellom musikk og helse.
Søknadsfrist: 1 august 2010; søknad via jobbnorge.no
For meir informasjon, kontakt instituttleiar Frode Thorsen (tlf. +47 55586979, epost frode.thorsen@grieg.uib.no) eller professor/forskingsleder I Brynjulf Stige (tlf. +47 971 69 746, epost brynjulf.stige@grieg.uib.no).
Kilder:
Sist endret: 26.4.2010
Nyheter fra Griegakademiet - Institutt for musikk
- MusikkMaraton på GA! (08.02.2012)
- Viggo Krüger disputerer for Ph D graden (06.02.2012)
- Faglig-pedagogisk Dag på Griegakademiet - Institutt for musikk (30.01.2012)
- Teori og gehørprøve Bachelorprogrammet i utøving eller komposisjon (23.01.2012)
- Glokalisering av Katolisismen gjennom musikalsk utøving (18.01.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Viggo Krüger disputerer for Ph D graden (06.02.2012)
- Einar Røttingen spiller Beethoven (30.01.2012)
- Nye rytmer i folkehelsearbeidet: musikkterapi som samhandling (25.01.2012)
- Musikkterapiutstilling på VilVite-senteret åpnes av helseministeren (12.01.2012)
- Nyttårskonsert med Griegakademiets sangklasse (06.01.2012)
- Musikkterapi
- Musikk