Infosenteret ved HF

Adresse: Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.
Opningstider: Måndag til fredag kl.10-15
studierettleiar@hf.uib.no / tlf. 55 58 93 70

 

Dekanatets blogg

Følg med på kva dekanatet skriv om pågåande prosessar, planar og viktige hendingar.

Siste innlegg: Krise og kreativitet

Studiestart hausten 2014

Velkommen som student ved Det humanistiske fakultet! Veit du korleis du går fram for å registrere deg, stadfeste utdanningsplanen din og melde deg til eksamen? Ser du etter ei oversikt over når og kor orienteringsmøta er? Vi har samla informasjonen som hjelper deg til ein god studiestart.


Kva forskar stipendiatane på?


– Folkeleg mobilisering før 1830-talet var meir enn berre Strilekrigen og Lofthusreisinga, fortel stipendiat i historie, Eyvind Urkedal York.

Han forskar på folkeleg opprør og motstand i Noreg på 17- og 1800-talet.

– Eg tar føre meg det ein kan kalle folkelege kollektive aksjonar frå tidleg 1700-tal og fram til eit stykke ut på 1800-talet. Nærmare bestemt ser eg på utviklinga av sjølve handlemåten og korleis folk gjekk fram når dei gjekk saman for å konfrontere kven det no skulle vere, fortel han.

Les meir om stipendiatene ved fakultetet og kva dei skriv om: Ph.d.-portrett