Hjem

Det humanistiske fakultet

utveksling

Eit år i Cape Town

– Det vi høyrde om på forelesingane var det som møtte oss når vi gjekk ut døra, fortel historiestudent Susanne Hoggen Kippersund.

cape-town-11.png

Cape Town
– Eg kan ikkje få anbefalt sterkt nok å reise på utveksling. Eg lærte masse, hadde det veldig gøy og fekk mange nye vener. Det var eit fantastisk år, seier Susanne Hoggen Kippersund.
Foto:
Privat

– Eg blei henta på flyplassen og køyrd til staden der eg skulle bu. Universitetet hadde plassert meg saman med åtte andre internasjonale studentar i eit kjempefint hus med hage. Vi hadde til og med hushjelp. Snakk om luksus!

Susanne Hoggen Kippersund er historiestudent og reiste til Universitetet i Cape Town gjennom ein av utvekslingsavtalane til UiB. Planen var å vere der eit semester, ein plan som kjapt vart endra til eit år.

– Eg fekk hjelp på universitetet til å utvide visumet mitt, og det gjekk heldigvis i orden. Dei gjorde alt for at vi internasjonale studentar skulle trives og ha det bra.

Afrikas beste

Universitetet i Cape Town (UCT) vert rekna som det beste universitetet i Afrika, og som Afrikas einaste universitet ligg det på lista over dei 200 beste i verda.

– Det er eit prestisjeuniversitetet, og eg merka at det var mange flinke studentar der. Det var i det heile eit stort engasjement blant studentane og mange var politisk aktive. Det var ofte markeringar og protestar på universitetet; mot skuleavgift, for betre rettar til reinhaldarane og for å gjere kulturen på universitetet mindre kvit, fortel Susanne.

Ho deltok ofte på markeringane, for å følgje med på det som skjedde og for å vise solidaritet.

– Sør-Afrika har ei kjip historie, og landet er meir prega av apartheid enn eg hadde trudd. På nokre område har det skjedd masse, på andre område lite – det er overraskande mykje som heng igjen.

– Eg fekk litt sjokk første dagen. Vi hadde ein velkomst i universitetsaulaen og rundt på veggane hang det mange maleri, alle var portrett av kvite menn.

Universitetet i Cape Town har i dag rundt 50/50 svarte og kvite studentar, men av dei rundt 200 professorane er berre 6 svarte.  

Stort fagleg utbytte

At undervisinga var på engelsk var ein av grunnane til at Susanne valde Universitetet i Cape Town, ho hadde ikkje lyst til å studere på eit nytt språk, ho ville ha full fagleg uttelling.

– Eg tok bevisst emne som hadde med Afrika å gjere. Når eg først var der ville eg ta emne eg ikkje kunne ta heime, og eg ville lære meir om området der eg oppheld meg. Det var så mykje å velje mellom, men eg var veldig nøgd med faga eg enda opp med, innan tema som historie, politikk, kjønn, identitet og globalisering.

– Eg lærte mykje om samfunnet, og kanskje særleg når eg tok emnet «Race, class and gender» slo det meg at det vi høyrde om på forelesingane var akkurat det same som møtte oss når vi gjekk ut døra.

Studieopplegget er omlag som i Noreg. Forelesingane er frivillige, men med obligatoriske seminar kvar veke, og mange innleveringar. Det gjer at ein må studere jamt og trutt gjennom heile semesteret.

– Gruppene var små, og vi fekk god oppfølging. Eg blei utruleg inspirert av alle diskusjonane vi hadde.

Ekstreme kontrastar

Susanne beskriv Cape Town som ein by full av kontrastar. Ein ser ekstrem fattigdom og ekstrem luksus, samfunnet er framleis veldig segregert.

– Det er ein vakker by med eit rikt kulturliv. Det er ofte konsertar der, mange museum, og det er mykje som skjer heile tida. Og så har dei utruleg flott natur og mange turmoglegheiter. I områda rundt byen er det hundrevis av vingardar, om ein vil dra på vinsmaking.

– Det er også ein by med mykje kriminalitet. Det er mest i slumområda og det går oftast ut over dei fattige. Om ein tek førehandsreglar er det elles ein trygg by og eit trygt land. Eg gjekk til dømes aldri aleine ut om kvelden.

Det er billig å leve i Sør-Afrika for ein norsk student, og studielånet rekk langt.

– Eg har aldri ete så mykje på restaurant før. Og så har eg fått reist mykje, både i Sør-Afrika og fleire andre land. Det er både billig og lett å reise rundt. 

Susanne fortel at opphaldet har gitt henne innblikk i problem og utfordringar i verda ho tidlegare ikkje visste om. Ho har fått nye perspektiv og nye interesser.

– Eg har fått eit mykje meir nyansert syn på ein del ting etter dette året. Eg fekk mange gode vener, både frå vesten og det sørlige Afrika. Det gjer at eg er oppteken av kva som skjer i deira land. Ser eg ei sak om Zambia i avisa no, så les eg ho.