Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

æresdoktor

Æresdoktor Jostein Fet

I samband med utnemninga av æresdoktor Jostein Fet vert det halde innlegg om norsk lærdomshistorie og samfunnsmodernisering med utgangspunkt i produksjonen hans.

jostein-fet.jpg

Josten Fet
Æresdoktor ved Universitetet i Bergen 2017, Jostein Fet.
Foto:
Laila Walseth Lid

Medan doktorgraden er den høgste akademiske graden ein kan oppnå, er ein æresdoktorgrad det største heidersteiknet eit universitet kan tildele ein person. Ein æresdoktor skal ha utmerka seg ved viktig vitskapleg innsats eller framifrå arbeid til det beste for vitskapen. I år utnemner Universitetet i Bergen éin æresdoktor etter framlegg frå kvart av dei sju fakulteta, samt rektoratet. Det humanistiske fakultet har utnemnt Jostein Fet og inviterer til eit fagleg program om Jostein Fet sitt virke.

PROGRAM

Jostein Fet og kartlegginga av den protestantiske lesaren
ved Arne Apelseth, Høgskulen i Volda

Allmugens diktekunst. Jostein Fet og Sve-boka
ved Geir Hjorthol, Høgskulen i Volda

Eit hundreår av ord – offentlegheit, lagsliv og politikk i Hardanger på 1800-talet
ved Svein Ivar Angell, Universitetet i Bergen

Alle velkomne – fri inngang

JOSTEIN FET
Jostein Fet (1924) er forskar, forfattar, kulturhistorikar, folkemusikar og tidlegare dosent og undervisningsleiar ved Høgskulen i Volda. Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom dei mange litteratursosiologiske forskingsarbeida sine, og har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet eigde bøker og var langt meir lesande og skrivande enn norske historikarar tidlegare har framstilt dei som. Dette har han funne ved å gå igjennom fleire tusen arveskifteprotokollar og anna kjeldemateriale. Fleire av bøkene hans er blitt ståande som viktige referanseverk i norsk og skandinavisk litteraturforsking. Jostein Fet utmerkjer seg også ved ei imponerande publikasjonsliste frå tida etter han vart pensjonist i 1990. I tillegg til litteratursosiologi har han også levert bidrag innan andre område av nordistikken, som terminologi og stadnamn, og innanfor folkemusikkhistorie. Han har alltid vore ein omtykt føredragshaldar, ikkje minst fordi alle føredrag og skrifter er konsekvent forma i eit språk som er lett tilgjengeleg også for interesserte utan akademisk bakgrunn.