Hjem

Det humanistiske fakultet

prisutdeling 2017

Invitasjon til prisutdeling ved HF

Alle tilsette, studentar og andre interesserte er velkomne til feiring av årets vinnarar av Formidlingsprisen, Spurveugleprisen og prisen for unge forskar i humanistiske fag.

uglerpahf.jpg

Utsnitt av uglefrise
INVITASJON: Unge og gamle er inviterte til arrangementet i Ad fontes onsdag 15. november. Uglene på biletet er ein detalj av ei frise på Sydneshaugen skule. Kunstar er Rachel E. Huglen.

Vi feirar vinnarane av Spurveugleprisen, Formidlingsprisen og prisen for unge forskarar i humanistiske fag. Det blir presentasjonar av prisvinnarane, lett servering og vakker song!

Velkommen!

ÅRETS PRISVINNARAR

OM PRISANE

Formidlingsprisen går til ein eller fleire personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å formidle resultat av forskings- og utviklingsarbeid av høg kvalitet.

Spurveugleprisen er HF sin pris for utdanningskvalitet og vert delt ut til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellykka tiltak for å forbetra utdanningskvaliteten.

Prisen for unge forskarar er ei utmerking for unge forskartalent. Den vert tildelt for framragande vitskapleg arbeid utført av ein tilsett eller ein ph.d.-kandidat som er 34 år eller yngre i tildelingsåret.