Hjem

Det humanistiske fakultet

pris for unge forskarar 2017

Ungt forskartalent studerer gamle tekstar

Postdoktor Helen F. Leslie-Jacobsen er ekspert på eddadikt og norrøne lovtekstar – og er tildelt årets pris for unge forskarar i humanistiske fag.

helen-flj.jpg

Helen F. Leslie-Jacobsen
PRISVINNAR: Helen F. Leslie-Jacobsen er postdoktor i mellomalderfilologi ved UiB. Ho er ekspert i norrønt og gammalengelsk, og arbeider blant anna med tema som eddadikt og heltedikting, rettskultur og litteraturteori.
Foto:
Ingrid Endal

Helen F. Leslie-Jacobsen har markert seg på fleire felt innan faget mellomalderfilologi, og lovorda om det unge forskartalentet er mange.

Leslie-Jacobsen er imponerande produktiv. Ho har skrive framifrå publikasjonar, mange av dei poenggjevande, ho har vore medarrangør på fleire internasjonale konferansar og er redaktør i tidsskrift. Av større arbeid ho har gjort er omsetjinga av Magnus Lagabøtes landslov frå gammalnorsk til moderne engelsk. 

Mellomalderens tekstar og kultur

Magnus Lagabøtes landslov var den første lovkoden som dekkja heile landet og er eit felt ho framleis forskar på.

– I Spesialsamlingane er det mange fotografi og faksimile av desse manuskripta. Eg studerer handskriftene, utforminga av sidene og narrativ. Til dømes dei juridiske omsyna rundt produksjon og distribusjon av mat på 1300-talet i Noreg. Kva matvarer er nemnd i lova, og kvifor desse? I kva tilfelle blei det ikkje sett på som tjuveri å ta mat? Når ein låg under ei ku og drakk mjølka?  

I perioden som postdoktor er det riktignok drageslaktaren Sigurðr Fáfnisbani som har fått størst merksemd, ein markant figur i både historieforteljing og kunst i mellomalderens Europa.

– Eg har utarbeidd ein katalog med vurdering av alt materiell som har blitt formidla om han, i tekstar, runar, og utskjeringar på stavkyrkjer. Eg har analysert legenda om han, studert den kulturelle konteksten og korleis historia utvikla seg over tid. Korleis blei han konseptualisert og forstått? Såg folk på han som ein beskyttar?

Frå Durham via Reykjavik til Bergen

Både gamalengelsk og norrønt var ein del av litteraturstudiet i Durham, og frå då av var ho hekta på gamle tekstar. Heimskringla av islendingen Snorre Sturlasson vart tema for masteroppgåva.

– Det er faktisk ein heil del som studerer norrønt i England, det er et stort fag, mykje større enn i Noreg. Det er mange der som synest at mellomalderdikt og sagaer er spanande, fortel ho.

Allereie i studietida fekk ho stipend og prisar for arbeidet sitt, og ho fekk fleire gongar høve til å reise til Island på studietur. Den islandske regjeringa gav henne statsstipend, og master nummer to vart avlagd i Reykjavik, også denne gongen om heltar i islandske saga.

Leslie-Jacobsen kom til Noreg i 2009, då fekk ho stipend ved Senter for mellomalderstudiar ved UiB, som var eit senter for framragande forsking (SFF) i perioden 2003-2012. Forskarmiljøet var internasjonalt og ho har framleis kontakt med mange av dei tidlegare kollegaene.

– Helen er er ein ung forskar av internasjonalt format. Ho er kunnskapsrik, nytenkjande og entusiastisk, alltid villig til å initiere og delta i strategisk vidareutvikling av faget, seier Jens Eike Schnall, forskingsleiar ved Institutt for lingvistiske, estetiske og  litterære studiar.