Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

Forsking

50 millionar til forsking på fiskeri- og kysthistorie

Til grunnlovsjubileet i 2014 skal eit nytt bokverk vere klart; historia om norsk fiskeri og kystsamfunn som har hatt mykje å seie for utforminga av nasjonen Norge.

UiB skal koordinere arbeidet med Norges fiskeri- og kysthistorie, eit forskingsprosjekt i samarbeid med høgskulane i Volda og Bodø og Universitetet i Tromsø. Prosjektet skal leiast av førsteamanuensis Nils Kolle ved AHKR. Feltet har lang tradisjon ved tidlegare Historisk institutt i Bergen, men er likevel eit underkommunisert kapittel i norgeshistoria, meiner Kolle som peiker på at det er fleire årsaker til det.

- Fiskerinæringa hamnar ofte i skuggen av jordbruk, industri og skogbruk. Tradisjonelt har bondesamfunnet hatt ein viktig plass i norgeshistoria. Og det er ikkje rart med tanke på at bonden historisk sett har hatt ein sterkare samfunnsposisjon enn fiskaren. Jord gav status, fiskeri vart sett på som ei tilleggsnæring og er dermed ikkje synleg i kjeldene på same måte. Mange viktige ringverknader av fiskeria har heller ikkje fått særleg merksemd. Ein vart definert i forhold til jord og fiskarane hadde aldri same politiske gjennomslagskraft som bøndene, som til og med stifta eige parti i 1920, fortel Kolle.

Også samfunnsstrukturelt har fiskeria og tilliggande næringar vore svært viktige, hevdar historikaren. Folkesetnadsmønster og urbanisering langs kysten har i stor grad tatt farge av fiskeria. Fleire av kystbyane, som Stavanger, Haugesund og Florø er bygd på sild og hermetikkindustri. Kolle drar fram Alexander Kiellands Skipper Worse som gir eit fengslande glimt inn i den rivande utviklinga Stavanger gjekk gjennom på 1800-talet på grunnlag av silda.

Målet med prosjektet er å gi ei velfundert framstilling av fiskerinæringas betydning i norsk historie. Det har vore, og er, ei av våre viktigaste eksportnæringar, og har spelt ei stor rolle i å knyte band til utlandet. Samferdslemessig har sjøvegen vore den viktigaste i mange år, og den har framleis mykje å seie. Størstedelen av befolkninga i landet bur få kilometer frå kysten, og dette har hatt mykje å seie for den kulturelle og sosiale utviklinga.

Heilt sidan 1960-talet har ein forska på fiskerihistorie ved UiB. Likevel mangla det ein samla nasjonal framstilling av feltet. Og for nokre år tilbake tok fleire av desse forskarane initiativ til å få skrive eit fiskerihistorieverk. Allereie i startfasen kontakta gruppa både Norges Fiskarlag og Fiskeri- og kystdepartementet, og Kolle seier at det var heilt essensielt, både fagleg og økonomisk, å få desse med på laget på eit tidleg tidspunkt.

- Det å ha nær kontakt med næringa opna mange dører for oss, me fekk knytt til oss nøkkelpersonar som har hatt svært mykje å seie for prosjektet, seier Kolle.

I 2008 gjekk Fiskeri- og kystdepartementet inn som partnar i prosjektet og la seks millionar kroner på bordet, og no vart det klart at det ville bli fiskerihistorie. Sidan har gruppa arbeidd opp mot både offentlege institusjonar og fiskerinæringa for vidare finansiering.

Prosjektet er delt i to; eit bokverk og ein stipendiatpakke. Bokverket består av fire band, og dei fire samarbeidande institusjonane har ansvar for kvar sitt band. Det første bindet skal skrivast av eit team ved Høgskulen i Bodø, og har tittelen Fangstmenn, fiskerbønder og værfolk, fra de eldste tider til 1720. Bind 2 blir skrive ved Høgskulen i Volda og tar for seg ekspansjon i eksportfiskeria i perioden 1720-1880. Nils Kolle er sjølv redaktør for det tredje bindet, Fiskeriene i industrialiseringens tidsalder, 1880-1970 som altså blir skrive av forskarar knytt til UiB. Og Universitetet i Tromsø har ansvar for det fjerde bindet, Kysten skifter ham, 1970-2014. For alle binda vil det vere visse gjennomgåande tema, som ressursspørsmål, etnisitet og teknologisk utvikling. Prosjektet har hatt ei målsetjing om at det skal vere minst ei kvinne i kvart forfattarteam, og har lukkast med det. Bokprosjektet har ei kostnadsramme på 25 millionar, av desse er 15-16 millionar på plass gjennom dei fire samarbeidspartnarane samt ulike institusjonar knytt til næringa; departementet, Norges Fiskarlag, bankar, fond, forsikringsselskap, fiskesalslag og fleire andre. Dei resterande midlane skal hentast inn frå aktørar i næringa, som fiskebåtreiarar, fiskeriselskap og fiskeindustri. Igjen understrekar Kolle kor viktig det er å vere på lag med næringa.

- Har du gode prosjekt, og allierar deg med næringsinteressene, sit ikkje pengane så langt inne. Det er i fiskerinæringa stor interesse for å fram eit slikt bokverk, og me merkar at det er stor godvilje i bransjen, fortel han.

Men prosjektgruppa har heile tida vore bevisst på at det ikkje skulle resultere i eit bokverk åleine. Det er også viktig å ivareta og utvikle den kompetansen som fins på feltet, og stimulere til ny forsking som kan bidra framover. Difor inkluderar fiskerihistorieprosjektet også ein stipendiatpakke på 8-10 ph.d.- og post.doc.-stipend, med ei kostnadsramme på om lag 25 millionar. Dei fire samarbeidsinstitusjonane bidrar her med eitt stipend kvar, til saman 12 millionar, og dei resterande midlane blir søkt finansiert frå dei nye regionale forskingsfonda og Noregs Forskingsråd.

- Med dette prosjektet ønskjer me å gi nye perspektiv på Norgeshistoria, og trekkje fram eit felt som er blitt undervurdert, seier Nils Kolle.