Forsking
26.01.2011

Palmyrena på utstilling

Torsdag opna ei utstilling om Palmyraprosjektet ved Bibliotek for humaniora. Har kan ein lære meir om prosjektet og sjå døme på palmyrensk skulptur.

Det er snart to år sidan starten på NFR-prosjektet "Palmyrena: City, Hinterland and Caravan Trade between the Orient and the Occident". Leiar for prosjektet, professor Christian Meyer, opna utstillinga med eit foredrag der han gav tilhøyrarane nokre av dei paradoksa som er utgangspunkt for prosjektet. Kvifor vart ein relativt avsidesliggande by så sentral i handelsfarten mellom aust og vest? Og korleis kunne det vere livsgrunnag for ein storby i det tørre steppelandskapet i området rundt Palmyra?

Utstillinga har også fått låne to byster frå Kulturhistorisk museum i Oslo. Som det meste av bevart palmyrensk skulptur er begge desse gravmonument. Den eine bysta avbildar ein mann, Iarhai, son av Hanina, og bysta er frå rundt 180-200 e.Kr. Den andre bysta viser ei kvinne med eit barn, det er Mezabthâ, dotter av Hairan og sannsynlegvis eit av borna hennar. Grava har to datoar, av dette sluttar ein seg til at bornet døydde ti år før mora. Denne bysta er frå 250 e.Kr. Den palmyrenske gravkunsten er spesiell på den måten at den har trekk frå både gresk/romersk og nærorientalsk stil, det kan ein også sjå på dei utstilte bystene. Dette illustrerar korleis Palmyra låg på grensa mellom to verder, ikkje berre geografisk men også kulturelt og politisk.

Sjå bilder frå prosjektet og utstillinga i På Høyden

Prosjektet sine heimesider

Meir om prosjektet