Nyhet
14.11.2011

Exphil og antikkseminar fekk utdanningskvalitetsmidlar

Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar fekk tildelt utdanningskvalitetsmidlar i går, både til prosjektet Exphil 2.0 og for Knut Ågotnes sine antikkseminar.

I møte i det sentrale Utdanningsutvalet måndag vart PEK-midlar (Program for Evaluering og Kvalitet) for 2012 samt årets Uglepris utdelt. Fleire prosjekt frå heile UiB fekk tildelingar, frå HF si side vart det sendt inn to søknader som begge var knytte til FoF.

Exphil 2.0 – digitale støttesystem i examen philosophicum er eit prosjekt som har kome til på bakgrunn av nye undervisings- og læringsformer innan akademia og i den vidaregåande skulen dei siste tiåra. Auka vekt på digitale verkemiddel og teamarbeid både i arbeidslivet og i akademia har ført til nye moglegheiter så vel som utfordringar innan universitetsutdanninga. Ei utfordring har vore korleis ein kan vurdere studentane individuelt på bakgrunn av samarbeid. Når no nyare internasjonal utvikling av digitaliserte støttesystem gjer dette mogleg, ønskjer FoF å innføre wikibasert gruppeundervisning som ein del av exphil-kursa med tanke på ei eventuell revisjon og utvikling av tilbodet. Utdanningsutvalet vurderer prosjektet til å vere i tråd med Universitet si satsing på digitale prosjekt og ser det som eit positivt tiltak for ei større brukargruppe, og prosjektet fekk tildelt 349000 kroner.

UiB sin pris for utdanningskvalitet, Ugleprisen, vart i år delt mellom to prosjekt, emnet Global helse ved Det medisinsk-odontologiske fakultet og antikkseminara til førsteamanuensis Knut Ågotnes ved FoF. Ågotnes vart i vår tildelt HF-fakultetet sin nyoppretta Spurveuglepris, som går til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for å betre utdanningskvaliteten. Gjennom desse seminara, som går føre seg i Hellas og Italia, brukar Ågotnes verkemiddel som nærleik til stader og tett samvær mellom lærar og studentar for å gje ei grundig fordjuping i antikkens filosofi. Gjennom Ugleprisen får dette prosjektet tildelt 200000 kroner.

Les meir om Ågotnes og antikkseminara