Hjem

Det humanistiske fakultet

Merchants and Missionaries – kulturmøte mellom Kina og Noreg

Med bakgrunn i ei forskargruppe ved AHKR blir eit nytt NFR-prosjekt starta opp i vår.

I åra rundt 1900 var det mest leste tidsskriftet i Norge ”Kineseren” – bladet til Det norske lutherske Kinamissionsforbund. Fem ulike norske misjonsforbund var retta mot Kina, og talet på nordmenn som reiste dit var stigande. Samtidig hadde Noreg den tredje største handelsflåten i verda, og der skipsfart i asiatiske farvatn generelt og Kina spesielt spelte ei stadig større rolle. Felles for både misjonærane og reiarnæringa var at Kina var ein ny arena og der ein opplevde ein dramatisk ekspansjon 1890-åra. No skal eit nytt forskingsprosjekt ved AHKR undersøke desse to aktørgruppene og kulturmøta som fann stad både i Noreg og Kina i denne perioden.

Leiar for prosjektet Merchants and Missionaries. Norwegian encounters with China in a transnational perspective, 1890-1937, førsteamanuensis Camilla Brautaset ved AHKR, fortel at Kina er eit relativt nytt forskingsfelt ved instituttet. Akkurat denne perioden er ei svært spennande og dramatisk tid i Kinas historie, og ved å studere det som kanskje var dei to mest globale aktørgruppene i Norge på same tid vil ein få eit unikt perspektiv på særleg internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar innan denne historiske konteksten. Prosjektet reiser to hovudproblemstillingar; korleis og kvifor vart kommersielle og humanitære forbindelsar mellom Norge og Kina institusjonaliserte nettverk i denne perioden? Vidare ser ein på korleis desse transnasjonale kulturmøta påverka identitetsforming og kulturforståing i både Kina og Noreg.

Kva er det som er så spesielt med desse misjonærane og handelsfolka? Begge gruppene var i stor vekst i desse åra, og det var grupper som naturleg nok var svært utadretta. Misjonsforeiningane utgjorde den første humanitære verksemda vi kjenner til. Sjølv om det var mange som var engasjert på dette feltet, har misjonsverksemda i Kina i større grad vore gjenstand for erindringspublikasjoner frå deltakarane sjølve enn bidrag frå akademia. Norsk skipsfart sto særleg sterkt i Kina i på denne tida, og årsakene til dette er sannsynlegvis meir komplekse enn det tidlegare forsking har vist. Prosjektleiaren trur at humanistiske perspektiv på feltet vil kunne gje ei djupare forståing av dei globale prosessane som går føre seg under slike kulturmøte. Ved å sjå på politiske, økonomiske og sosiale strukturar kan humanistar gi viktige innspel ikkje berre innan forsking men også i samfunnsdebatten kring globalisering.

I forskingslitteruren er Kina sentral i global historie, men det er med vekt på erfaringar frå aktørar frå land med mest økonomisk og politisk tyngde, seier Brautaset. Dette prosjektet kjem til å ta for seg enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar på ulike nivå, og har som mål å nyansere bildet som er skapt i internasjonal litteratur ved å sjå på mindre aktørar frå land med betydeleg mindre politisk kapital enn til dømes britiske og tyske aktørar. Vidare håpar forskarane også å kunne bidra til forståing av globaliseringsprosessar i eit historisk perspektiv. Fleire element i den aktuelle perioden gir parallellar til dagens situasjon – då som no var Kina ein global møteplass.

Prosjektet starta opp i vår, og vil bli avslutta hausten 2014. I tillegg til prosjektleiar vil det bli tilsett ein stipendiat, ein post doktor, nokre mindre prosjekt i tillegg til at det vil bli utlyst fleire masterstipend. Heile prosjektet spring ut frå ei tverrfagleg forkargruppe som vart etablert etter instituttsamanslåinga i 2007, og kan såleis seiast å vere ei nyvinning. Forskarar frå historie, religionsvitskap og kulturvitskap deltar i gruppa som frå starten av har jobba målretta for å skaffe eksterne midlar. I fjor fekk prosjektet altså tildelt FRIHUM-midlar frå Forskingsrådet. Camilla Brautaset trur at det å organisere seg i grupper er svært viktig for forskarar innan HF-faga. Humanistar treng å posisjonere seg i samfunnet for å synleggjere den kompetansen vi faktisk har, seier ho. Særleg studentane treng hjelp til å bli meir bevisste rundt dette, og forskargrupper kan vere ein god reiskap i denne prosessen, trur Camilla Brautaset.