Forsking
24.03.2009

Palmyra – lokal forankring og global samanheng

Oasebyen Palmyra, i det syriske innlandet, hadde si glanstid under den romerske keisartida. I dag står berre ruinar att. Gjennom eit nytt NFR- prosjekt skal forskarar frå UiB prøve å finne svar på fleire spørsmål om denne gamle karavanebyen.

Palmyra

Foto: 
Christian Meyer

- Då europearane byrja reise i Syrias indre på 1600-talet møtte dei eit overraskande syn, fortel Jørgen Christian Meyer, professor i historie og prosjektleiar for Palmyrena: City, Hinterland an Caravan Trade between the Occident and the Orient. Midt i det tørre steppelandskapet openbarte det seg storslagne restar etter det som måtte ha vore ein viktig storby. Først på 1800-talet byrja den vitskaplege utforskinga av området og sidan har Palmyra vore gjenstand for mange utgravingar og undersøkingar. Men i følgje Christian Meyer er det to viktige spørsmål ein ikkje enno har fått svar på: Kva var byens forhold til det nære og fjerne opplandet, og kva var forutsetninga for Palmyras rolle som viktig karavaneby i romersk tid?

- Ein by er ikkje ein by åleine, men Palmyra var atypisk som antikkby i den forstand at den ikkje var omgitt av fruktbart landbruk, seier Meyer. Folket som budde her må ha utnytta landskapet rundt på mange ulike måtar. Omlandet rundt Palmyra er ei tørrsteppe, som opp gjennom tida for det meste har vore utnytta av beduinar, men det ser ut til at det også i romersk tid har vore landbruksdrift, der ein har investert i demningar, akveduktar og vatningssanlegg. Prosjektet vil undersøke dette ved hjelp av ulike metodar, med hovudvekt på feltarbeid der konstruksjonar som brønnar, cisterner, gravhaugar og fort skal kartleggjast og analyserast. Andre kjelder som til dømes satelittfoto, tidlegare forsking og beduinane som lever i området blir viktige supplement i arbeidet. Forskargruppa skal i gang med feltarbeidet no i vår, og halde fram i periodar heilt til våren 2011.

Den andre hovudlinja i prosjektet blir altså Palmyra i eit meir globalt perspektiv. Byen er spesiell på den måten at den ikkje ligg på den tradisjonelle karavaneruta mellom Middelhavet og det indiske havet. Kva var det som gjorde at ein slik storby blei etablert nettopp her? Kva rolle hadde Palmyra i samspelet mellom romarane og det rivaliserande Partherimperiet? Kva var tilhøva mellom dei ulike handelsrutene i området, eksisterte dei uavhengig av kvarandre eller var det ulike økonomiske og politiske faktorar som regulerte dei?

- Analysar av skriftlege kjelder, innskrifter og materiale frå utgravingar vil kunne gi eit meir fullstendig bilde av handelen mellom Occidenten og Orienten, dei vil også bidra med både teoretiske aspekt og empiriske data til debatten rundt økonomi, handel og samfunn i den preindustrielle epoke, meiner Meyer.

Christian Meyer har sjølv arbeida med Palmyra som forskingsfelt sidan 2004, og har etablert god kontakt med internasjonale forskarar på feltet. Ein del av prosjektet er eit samarbeid mellom syriske arkeologiske myndigheiter og Universitet i Bergen, og det har også samarbeidspartnarar frå Tyskland, Austerrike, Italia, Frankrike, England, Sverige og Danmark.

- Eg har hatt eit tett samarbeid med syriske myndigheiter gjennom mange år og møtt stor velvilje. Det syriske byråkratiet kan virke tungrodd for oss, men i realiteten er det både godt og effektivt, det er berre annleis enn de me er vane med herfrå, fortel Meyer. Syria er eit sikkert og behageleg land å reise i, og historikaren har aldri støtt på problem som vestleg forskar.

Tysdag til torsdag forrige veke gjekk startskotet for prosjektet, då var det workshop i Norheimsund der hovudformålet var å presentere resultata frå det preliminære feltarbeidet som fann stad i 2008. Workshopen gjekk over tre dagar og det var 16 deltakarar frå fleire av samarbeidsinstitusjonane. Ved AHKR er fleire forskarar involvert i prosjektet i ulik grad, så langt har arkeolog Nils Anfinset og historikar Eivind Seland vore sentrale i arbeidet. Prosjektet har ei ramme på fire år, og fekk tildelt FRIHUM-midlar frå Noregs Forskingsråd i november i fjor.