Nyhet
13.01.2012

Nye utsmykkingar på HF-bygget

Torsdag vart heile to nye kunstverk avduka i vestibylen i HF-bygget, begge med stor relevans for den faglege verksemda ved fakultetet.

Det eine kunstverket er 'Historisk tid' av Toril Johannessen, og består av eit metrisk ur som er plassert ute i atriet samt ei rekkje grafiske arbeid som heng i korridoren langs glassveggen inn mot laboratoria. 

- Dette er kanskje det einaste fungerande metriske urverket i verda, sa viserektor Astri Andresen som heldt tale ved avdukinga. Ho heldt fram med å fortelje at den metriske tidsrekninga vart innført i Frankrike etter revolusjonen i 1793. I motsetnad til andre metriske einingar slo aldri denne tidsrekninga an, og ein gjekk etterkvart tilbake til romersk tidrekning. 

- Slik viser dette verket oss at tida ikkje er ein naturleg storleik men ein kulturell konstruksjon, sa Andresen.

Det andre verket er 'The living are governed by the dead' av Marius Engh og består av avstøypingar av relieffa på Pergamonalteret. Pergamon var ein oldtidsby i Lilleasia, og alteret er eit av dei store arvestykka frå antikken. Det vart grave ut av tyske arkeologar på slutten av 1800-talet og står i dag i Berlin, der også kunstnaren bur og arbeider.

 - Eg er glad for dei tydelege tankane som ligg bak desse verka, og korleis begge går i dialog med fleire fagfelt på fakultetet, sa viserektor.

Kunstverka er kome på plass som resultat av eit samarbeid mellom KORO (Kunsti offentlige rom) og Estetisk utvalg ved UiB. Elisabet Jahn frå KORO og Siri Meyer frå Estetisk utval heldt også talar under avdukinga i tillegg til at kunstarane fortalte om arbeida sine.

Les meir i På Høyden

Les meir om 'Historisk Tid'

Les meir om 'The living are governed by the dead'