Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

Kvalitetssikring av utdanninga

Kvalitetssikring av utdanninga ved Det humanistiske fakultet

forelesning.jpg

Bilde av studenter på forelesning
Foto:
Emil W. Breistein

Kvalitetssikringsarbeidet ved HF er i høve til UiBs Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia (Revidert utgåve mai 2013). 

Kvalitetssikring og studiekvalitet ved UiB

 

Lokale opptak

Det humanistiske fakultet administrerer lokale opptak til Griegakademiet - Institutt for musikk, til alle masterprogramma og enkelte emne.

Lokalt opptak til Griegakademiet - Institutt for musikk (GA):

Opptaksreglement for Griegakademiet - Institutt for musikk

Regelementet regulerer opptak til følgande program ved GA som krev musikkfagleg opptaksprøve:

1) Femårig integrert masterprogram i musikkterapi (300 studiepoeng)

2) Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon (240 studiepoent)

3) Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon (inkludert internasjonale søkjarar) (120 studiepoeng)

4) Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 studiepoeng)

5) MUV211 Ensembleleiing korps (30 studiepoeng)

6) International diploma in performance or composition (60 studiepoeng)

Lokalt opptak til masterprogramma:

Søknadane vert leverte på Søknadsweb. Hovedopptaket er 15. april, med eventuelt suppleringsopptak til våren 1. november.

Alle dokument vert lasta opp på Søknadsweb. Ettersendingsfrist er 1. juli. Svarfrist:15. juli.

Søknadane vert vurdert av fagmiljøa og administrerte av fakultetssekretariatet.

 

Undervisningsplanlegging

Fristar for timeplanlegging ved Studieadministrativ avdeling (SA): Sjå UAWIKI 

Institutta har ansvar for å legge inn undervisningsdata i FS i høve til fristar sette av Studieadministrativ avdeling.

SA arrangerer arbeidsstover for innleggingsarbeidet i tillegg til kurs i FS. Undervisnings- og eksamenskonsulentane ved institutta har elles eit eige nettverk som har jamlege samlingar gjennom året. Nettverket er eit forum for drøfting og informasjonsflyt.

Studieplanarbeid

Innan utgangen av 2012 skal det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning vere implementert i alle studieplanar og emneskildringar på dei tre syklusane (bachelor, master og ph.d) 

Kvalifikasjonsrammeverket 

HF har eigne fristar og rutinar for arbeid med studieplanar. Sjå Fristar og rutinar for arbeid med studieplanar i menyen til høgre.

Programstyra har eit særleg ansvar for studieplanarbeidet. Sjå Mandat for programstyra ved HF i menyen til høgre.

Det er utarbeidd eit eige dokument om arbeidsomfang og pensum. Sjå Berekning av arbeidsomfang og pensum på emnenivå i menyen til høgre.

Som følge av fakultetsstyresak 56/07 er oppretting, nedlegging og endring i kursemne innanfor institutta sin interne portefølje eit ansvar for institutta. Utval for undervisning og internasjonalisering (UUI)/Instituttrådet handsamar og godkjenner på institutta.

Fakultetsstyret handsamar alle studieplanar som gjeld oppretting eller nedlegging av fag og studieprogram. Oppretting og nedlegging av program skal i tillegg handsamast av universitetsstyret. Fakultetsstyret skal dessutan handsame emne- og studieplanar som fell utanfor institutta sine økonomiske rammer. Fakultetsstyret skal òg handsame studieplanar for masterprogramma knytte til integrert lektorutdanning. 

Etter godkjenning i UUI/Instituttrådet, skal alle studieplansaker oversendast fakultetet for handsaming i studiestyret.

Sammensetting og mandat for studiestyret ved HF  i menyen til høgre.

Evaluering

Alle emna og programma ved HF vert jamleg evaluerte av fagmiljøa og studentane. Evalueringsrapportane skal arkiverast i UiBs Studiekvalitetsbase. I denne basen ligg òg utdanningsmeldingane frå institutta og fakultetet.

Studiekvalitetsbasen

Programsensur

Programsensormappe for det humanistiske fakultet, revidert mars 2013, inneheld relevant informasjon om regelverk, praksis, ansvarstilhøve og saksgong i samband med programsensur ved fakultetet.

Programma, v/programstyra, har ansvar for at alle programma ved fakultetet har oppnemnde programsensorar, jf. mandatet for programstyra.

Oversyn over oppnemnde programsensorar ligg i menyen til høgre.

Programsensorane vert honorerte etter faste satsar.

Mandat og retningslinjer for sammensetning og oppnevning av programstyrene

  • Mandat for programstyra ved Det humanitiske fakultet

  • Retninglinjer for sammensetning og oppnevning

Mandat for programstyra ved Det humanistiske fakultet

Mandatet for programstyra er definert innan følgjande tre område:

  • Utvikling
  • Leiing
  • Kvalitetssikring


Utvikling:

Programstyret skal

  • utvikle og revidere studieplanen for programmet i samsvar med krava i UiB sin studieforskrift og fakultetet sine utfyllande reglar til desse.
  • avgjere kva emne som skal inngå i programmet og kva omfang (studiepoeng) emna skal ha i samarbeid med fagmiljøa som eig emna.
  • utvikle og revidere alle emne som ligg til spesialiseringsfaga eller studieretningane i programmet.
  • ta initiativ til utvekslingsavtalar og leggje til rette for studentmobilitet på programmet
  • syte for godkjenning av studieplan på instituttnivå og oversending til fakultetet innan gjeldande fristar og retningsliner.


Leiing:

Programstyret skal

  • syte for god informasjonsflyt til fagmiljø, institutt og studentar
  • i tverrfaglege program, samarbeide med spesialiseringsfaga på ein slik måte at desse blir høyrde i saker som gjeld utforming av emneporteføljen i faget.
  • ha jamlege møte som oppfølging av det ansvaret det har for programmet og føre protokoll frå møta
  • ha ansvar for eit godt læringsmiljø for studentane i programmet
  • greie ut ressursmessige konsekvensar ved behandling av studieplansaker. Instituttet må godkjenne den ressursmessige sidan av studieplanen før oversending til endelig vedtak ved fakultetet. 

Evaluering:

Programstyret skal

  • syte for evaluering av programmet i samsvar med Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia
  • foreslå oppnemning av programsensor for fakultetet
  • inngå kontrakt med programsensor (i samarbeid med instituttet) der oppgåvene og honorar til sensor er fastlagde
  • syte for at retningsliner for programsensor ved UiB blir følgt opp i samarbeid med programsensor, jf. Appendiks s. 16 i Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia http://link.uib.no/?5FfsG
  • følgje opp programsensorrapport i fagmiljøet og på instituttet, og i samband med utdanningsmelding kvart år 

Vedtatt i Studiestyret, 9. mars 2017, gjeldende fra 16. mars 2017.

 

Retninglinjer for sammensetning og oppnevning.

  1. Hvert program (også programmer med flere studieretninger) skal underlegges et programstyre, jfr. Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia: http://link.uib.no/1xyz0

  2. Programmer som har samme eller tilnærmet samme fagdisipliner(er) vil normalt ha felles programstyre. Typisk gjelder dette programstyrer for årsstudier, bachelorprogram og masterprogram med samme fagdisipliner(er). 

  3. Et programstyre skal ha minst én vitenskapelig ansatt (normalt fagkoordinator) fra hvert av de fagene som inngår som spesialisering eller studieretning i programmet. 

  4. Dersom programmet inneholder fellesemne som eies av annet fagmiljø, skal det oppnevnes en observatør for dette fagmiljøet. Program som i hovedsak inneholder undervisningsfag som også inngår i lektorutdanningen, bør i tillegg oppnevne en fagdidaktiker i programstyret. 

  5. Minst 20 % av medlemmene i programstyret skal være studenter.

  6. Programstyret kan også ha eksterne medlem fra f.eks. nærings- eller kulturliv, offentlig forvaltning eller andre læresteder. 

  7. Programstyret skal ha minst tre og maksimalt ti medlemmer.

  8. Programstyrets leder og eventuelle eksterne medlemmer oppnevnes av instituttet som har administrativt ansvar for programmet.

  9. Saker som behandles i programstyret vedtas på vanlig måte ved konsensus eller ved avstemning, der programstyreleders stemme ved stemmelikhet teller dobbelt.

  10. Instituttet som har administrativt ansvar for programmet stiller sekretær til rådighet.

Vedtatt i Studiestyret, 9. mars 2017, retningslinjene er gjeldende fra 16. mars 2017.