Hjem
Det humanistiske fakultet

Hospitant ved Det humanistiske fakultet

Dersom du har ein aktiv studierett ved ein anna høgare lærestad i Norge kan søke om å få ta enkeltemne ved fakultetet.

Studenter på Sydneshaugen skole
Personar som har ein aktiv studierett ved eit høgare lærestad i Norge kan søke om å få ta enkeltemne som hospitant.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Personar som har ein aktiv studierett ved eit høgare lærestad i Norge kan søke om å få ta enkeltemne ved Det humanistiske fakultet som hospitant. Det er mogleg å hospitere i totalt eitt år, men du vil måtte søke for kvart enkelt semester.

Vér merksam på at studentar som er tekne opp til etter- og vidareutdanningstilbod ved andre lærestader, ikkje kan søke om hospitering ved UiB.

Dersom du blir teken opp som hospitant, får du dei same rettane og pliktane i høve til Forskrift om opptak ved UiB og Sørviserklæringa for UiB som andre studentar ved UiB.

Hospitantar kan melde seg opp til alle opne emne som går det aktuelle semesteret, og som ikkje stiller eigne krav til studierett eller forkunnskapar.

Korleis søker du om hospitantstatus?

Fristen for å søke om hospitantstatus er 1. juni for å ta emne i haustsemesteret, og 1. desember for å ta emne i vårsemesteret. Du søker på eige skjema som du finn til høgre på denne sida. 

Innan nokre dagar etter at fristen har gått ut, vil du få eit førebels svar på søknaden på e-post. Deretter må du innan semesterregistreringsfristen dokumentere at du har betalt semesteravgifta til lærestaden kor du er teken opp. Så snart vi mottek dokumentasjon på betalt semesteravgift, vil vi opprette studieretten din ved UiB.

NB: Godkjent dokumentasjon er kopi av semesterkvittering eller skriftleg stempla stadfesting frå lærestaden din om at du har betalt. Utskrift/skjermbilete frå StudentWeb eller nettbank vert ikkje godteken som dokumentasjon.

Kva må du gjere når du er teken opp som hospitant?

Når du får stadfesting på at studieretten din ved UiB er oppretta, får du også opplyst studentnummeret ditt og PIN-koden din til StudentWeb. Der melder du deg til undervisning og vurdering i emnet/emna du skal ta. NB: fristen for å melde seg opp er 1. september i haustsemesteret, og 1. februar i vårsemesteret. Det er ikkje mogeleg å melde seg opp når fristen har gått ut.

Når du har meldt deg opp, vil du få ein e-post der du blir bedt om å aktivere brukarkonto på UiB. Brukarkontoen gjer at du får student-e-postadresse ved UiB og tilgang til Mitt UiB (jf. sørviserklæringa).
 
UiB brukar student-e-postadressa til å formidle informasjon til studentane, og det er derfor viktig at du hugsar å sjekke ho ofte. Vi ber òg om at du bruker student-e-postadressa når du kontaktar oss.