Hjem

Det humanistiske fakultet

Lesesalar ved Det humanistiske fakultet

Alle studentar ved Det humanistiske fakultet har tilgang til lesesalar.

hf-biblioteket.jpg

To studenter sitter og leser på lesesalen
På toppen av Sydneshaugen skole er det skråtak og godt leselys gjennom takvindauga.
Foto:
Emil W. Breistein

Lesesalar på Sydneshaugen skole

Lesesalane er felles for alle studentar på årsstudium og bachelorprogram ved Det humanistiske fakultet.

Opningstider:

  • Måndag-fredag kl. 7-23
  • Laurdag kl. 7-20
  • Søndag kl. 7-23
  • Helligdagar stengt for andre enn masterstudentar

Når porten til Sydneshaugen skole er stengt, kan du bruke inngang E (frå Ivar Aasens gate).

Leseplassar på Bibliotek for humaniora

Det er om lag 100 leseplassar i bygget.

Lesesalar for masterstudentar

Lesesalar og PC-stover for masterstudentar i HF-bygget (nokre plassar også i andre bygg) er tilgjengelege med kort mellom 07.00 og 23.45 alle dagar, også i ferieperiodar og på helligdagar. Lesesalar og PC-stover for masterprogram blir fordelt i samarbeid mellom fagutval/HSU og fakultetet. Elektronisk søknadsskjema blir lagt ut på Mitt UiB i forkant av kvart semester.

Fordeling og bruk av lesesalsplassar for masterstudentar

Masterstudentar som ønsker lesesalsplass, må søkje om dette kvart semester (elektronisk skjema på Mitt UiB). Lesesalsplassane blir fordelt etter felles retningslinjer.

HSU og lesesalsansvarlege fordeler plassar etter innkomne søknadar. Spørsmål: Ta kontakt med HSU, e-post hsu@uib.no