Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

Klage på eksamen ved Det humanistiske fakultet

Får du eit resultat på ein skriftleg eksamen du meiner ikkje er riktig, har du rett til å klage på vurderinga som er gjort. Du kan også klage dersom du meiner det er gjort formelle feil ved eksamen.

emil6511.jpg

Skjema med skygge formet som UiB-logo
Du kan klage på eksamensresultatet eller formelle feil.
Foto:
Emil W. Breistein

Grunngjeving

Du har rett til å få ei grunngjeving for karakterfastsettinga av dine prestasjonar (jf. Universitets- og høyskoleloven § 5). Ved munnleg eksamen, prøveforelesingar og konsertar, må kravet om ei slik grunngjeving bli sett fram umiddelbart etter at karakteren er gitt. Ved skriftlege eksamenar er fristen for å be om grunngjeving ei veke frå karakteren er kunngjort.

For å be om grunngjeving, kontakt eksamensadministrasjonen ved det aktuelle instituttet på epost. E-posten må innehalde fullt namn, kandidatnummer, telefonnummer, emnekode og tittel på emnet.

NB! Send e-posten frå student-e-postadressa di ved UiB.

Grunngjevinga skal normalt vere gitt innan to veker etter at du har bede om ho. I grunngjevinga skal sensor(ane) gjere greie for dei generelle prinsippa som er lagt til grunn for vurderinga. Grunngjevinga blir gitt munnleg eller skriftleg etter sensor sitt val.

Klage på karakterfastsetting

Dersom du får eit resultat på ein skriftleg eksamen du meiner ikkje er riktig, har du rett til å klage på resultatet (jf. Universitets- og høyskolelova § 5). Vi tilrår at du først ber instituttet som har ansvaret for emnet om ei grunngjeving for resultatet (sjå over).

Dersom du vil klage på resultatet, bruker du et eige skjema som du finn nedst på denne sida. Skjemaet sender du til:

Det humanistiske fakultet, Postboks 7805, 5020 Bergen, eller leverer det på Infosenteret til HF.

Frist

Fristen for å klage på sensuren er tre veker etter at sensuren har falle, justert for heilagdagar. Dersom sensuren fell i perioden 20. desember - 2. januar, blir fristen rekna frå 2. januar. Dersom sensuren fell etter 20. juni, blir fristen rekna frå måndag i veka for haustsemesterstart. Dersom du har bede om grunngjeving, blir fristen rekna frå grunngjevinga er motteke. Dersom du har klaga på formell feil, blir fristen rekna frå klaga på formell feil er ferdig behandla.

Ny sensur

Eksamenssvaret blir vurdert på nytt av ein ny kommisjon med minst to sensorar, kor minst éin er ekstern. I samsvar med Universitets- og høyskolelova § 5-3 (4) blir den nye kommisjonen ikkje opplyst om den opphavlege karakteren, grunngjevinga frå den første kommisjonen, eller grunngjevinga di for å klage.

Karakteren kan vere uendra etter ny sensurering, men dersom han blir endra, kan han vere høgare eller lågare enn den opphavlege karakteren. Du kan ikkje klage på klageresultatet. Det er ikkje mogeleg å klage på munnleg eksamen, prøveforelesning eller konsert (jf. Universitets- og høyskolelova § 5-3 (5).

Saksbehandlingstid

Fordi klagekommisjonane behandlar mange klagesaker kvart semester, og fordi dei fleste klagene kjem i periodar med ferieavvikling, må du pårekne mellom 3 til 8 veker saksbehandlingstid. Når klaga er ferdig behandla får du melding på epost til student-epostadressa di om at resultatet er tilgjengeleg i StudentWeb.

Dersom det gjeld eit emne med fleire eksamensdelar er det viktig at du hugsar å markere kva for del(ar) du vil klage på. Dersom emnet det gjeld har justerande munnleg eksamen, vert det halde ny munnleg dersom den skriftlege karakteren vert endra.