Hjem

Det humanistiske fakultet

studietilbod

Humanistiske fag

Språk og litteratur, arkeologi og historie, filosofi og religion, teater, kunst og kultur er hovudområde for dei humanistiske utdanningane.

Mange av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag krev humanistisk kompetanse. Få har så mykje kunnskap og så breitt perspektiv på mennesket og samfunnet som humanistane.

Humanistar er eksklusive

Kvifor? Fordi dei har ein kompetanse ingen andre har: dei kan språk, religion, historie, kommunikasjon, analyse, estetikk, kunst og mykje meir. Du kan få stillingar som leiar, prosjektleiar, redaktør, kommunikasjonsrådgivar, konsulent, journalist, tekstforfattar, lærar, kulturformidlar og mykje meir.

Alle verksemder har behov for ein tilsett som forstår kompleksiteten i tida vi lever i, kva for mekanismar som styrer utviklinga og kva som skal til for å formidle eit bodskap.

Undersøkingar viser at norske bedrifter taper kontraktar og mister sal på grunn av manglande språkkompetanse og kulturforståing.

Studietilbod