Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

studietilbod

Humanistiske og estetiske fag

Språk og litteratur, arkeologi og historie, filosofi og religion, teater, kunst og kultur er hovudområde for dei humanistiske utdanningane.

Mange av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag krev humanistisk kompetanse. Få har så mykje kunnskap og så breitt perspektiv på mennesket og samfunnet som humanistane. Språk og litteratur, arkeologi og historie, filosofi og religion, teater, kunst og kultur er hovudområde for studia du kan velje mellom.

Studieprogram

Sjå studieprogramma vi tilbyr innanfor humanistiske og estetiske fag.

Interessert i eit bestemt fag?

Her ser du dei ulike faga og kva studieprogram dei er ein del av:

Sjå også meir om kvart enkelt emne:

Det første semesteret

Examen philosophicum (ex.phil.) og examen facultatum (ex.fac.) er obligatoriske emne i ein bachelorgrad ved UiB. Når ein begynner på eit bachelorprogram, anbefalar vi at ein tar ex.phil. det første semesteret. Dette for å få ein god fagleg og sosial start på studiet.

Det første semesteret er det og vanleg at ein tar eit ex.fac.- emne. Ved Det humanistiske fakultet kan ein velje mellom emna Akademisk skriving, Språk og kommunikasjon eller Tekst og kultur. På nokre studieprorgam har ein også eigne innføringsemne. Sjå nærare informasjon på kvart enkelt studieprogram kva for emne som er anbefalt.