Hjem

Det humanistiske fakultet

karriere

Kva kan du bli?

Mange av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag krev humanistisk kompetanse.

alumnar.jpg

Bilde av tidlegare HF-studentar
Kva jobbar tidlegare HF-studentar (alumnar) med? Mykje forskjellig. Her kan du lese om nokre av dei.
Foto:
Magnus Halsnes

Få har så mykje kunnskap og så breitt perspektiv på mennesket og samfunnet som humanistane.

Framtida treng humanistar!

Med ei universitetsutdanning er du spesielt god til å handtere store informasjonsmengder, analysere dei og formidle dei. Som humanist står du i ein heilt unik posisjon til å forstå og tolke informasjonen i eit historisk, religiøst, kulturelt, språkleg eller estetisk lys.

Humanistar forstår tida vi lever i

Alle verksemder har behov for ein tilsett som forstår kompleksiteten i tida vi lever i, kva for mekanismar som styrer utviklinga og kva som skal til for å formidle eit bodskap.

Undersøkingar viser at norske bedrifter taper kontraktar og mister sal på grunn av manglande språkkompetanse og kulturforståing.

Difor er det behov for humanistar i alle typar verksemder. Du finn dei i bank, olje- og gassektoren, industri, kommunikasjonsbransjen, forlagsbransjen, media, og marin- og maritime bransjar.

Humanistar er eksklusive

Kvifor? Fordi dei har ein kompetanse ingen andre har: dei kan språk, religion, historie, kommunikasjon, analyse, estetikk, kunst og mykje meir. Det er årsaka til at du òg finn humanistar i departement, fylkeskommunar, kommunar, organisasjonar, kulturinstitusjonar eller statlege institusjonar.

Du kan få stillingar som leiar, prosjektleiar, redaktør, kommunikasjonsrådgivar, konsulent, journalist, tekstforfattar, lærar, kulturformidlar og mykje meir.