dekanatet-hf-13-17.jpg

Det har kome eitt forslag til nytt dekanat ved Det humanistiske fakultet (HF) for perioden 2013-2017. Margareth Hagen, førsteamanuensis i italiensk litteratur er føreslått til dekana og Einar Thomassen, professor i religionsvitskap som prodekan for forsking.
Forslaget er støtta av tilsette frå alle institutt og senter ved fakultetet, og på lista over forslagsstillarar finn ein representantar frå ulike grupper tilsette; fast vitskapeleg tilsette, mellombels tilsette og administrativt personale.
– Eg er svært glad for den støtta vi har fått og at samansetninga i laget bak forslaget er så brei, seier Hagen.
Med på laget som visedekan for utdanning har dei førsteamanuensis i filosofi Claus Huitfeldt.
Dei tre kandidatane kjem frå tre ulike institutt, har ulik bakgrunn, personlegdom og erfaringar, dei har alle administrativ erfaring som forskings- eller undervisingskoordinatorar og kjenner organisasjonen på ulike nivå gjennom råd, utval, styrer og verv ved fakultetet.
– Dette vil vere eit lagarbeid, vi kjem til å samarbeide tett, understrek Hagen.
Sterke fagmiljø og fagleg breidde
– Det viktigaste for oss vil vere å bevare, utvikle og fremje HF sine verdiar og særpreg. Vi er opptekne av å tenkje langsiktig, respektere faga sin eigenart, og å behalde fakultetet si faglege breidde, fortel Hagen.
– Noreg er ikkje tent med at Universitetet i Oslo er det einaste breiddeuniversitetet i landet, det er naturleg at også Vestlandet har eit.
– Vi ønskjer både å ha sterke fagmiljø og å styrke den faglege breidda. Vi må synleggjere at vi er ein av Vestlandet sine største kulturinstitusjonar, og formidle den kulturarva vi har.
Hagen meiner retorikken om at humanistiske fag skal vere nyttige reiskapsfag i kombinasjon med andre fag, er avgrensande. Dei humanistiske faga står sterkt på eiga hand som fortolkande disiplinar og tekstfortolkande fag.
– Eit samfunn som ikkje kjenner si eiga historie og som ikkje har evne til kritisk tenking, fortolking og debatt er eit fattig og farleg samfunn, påpeikar ho.
Tid til forsking
– Den viktigaste ressursen vi har er tid til forsking. Vi vil verne og sikre den tida, understrek Hagen.
Dei vil samstundes arbeide med å styrke støttefunksjonar rundt forskinga, som hjelp til prosjektsøknader og hjelp til konferanseorganisering.
– Undervisinga skal vere forskingsbasert og studentane skal møte aktive forskarar i undervisinga. Det er det som gjer eit universitet til eit universitet.
Bachelorreforma, der ein vurderer å flytte førstesemesteremna til seinare i studiet, er ei reform det noverande dekanatet har sett i gang og eit arbeid som det nye dekanatet vil vidareføre.
– Vi vil også sjå nærare på korleis vi skal arbeide med studentrekruttering. Og så ønskjer vi å jobbe for å få fleire postdoktorstillingar.
– Likestilling er eit anna tema som opptek meg – vi er nøydde til å skape ein betre kultur for likestilling. Og så må vi arbeide med synleggjering. Synleggjering av HF sine verdiar, kvalitetar og innhald.
Ser fram til samarbeid
Hagen ser fram til å samarbeide med det nye rektoratet.
– Olsen har sagt at satsing på enkelte område som klima og utviklingsforsking ikkje skal gå på kostnad av breidda, men at han vil bake kaka større. Det er vi glade for, seier ho.
Dekanatkandidatane ønskjer i tillegg å styrke samhandlinga mellom administrasjonen og dei fagleg tilsette. Dei er oppteken av at dei administrativt tilsette skal få tilbod om vidareutdanning og fagleg utvikling slik at ein klarer å behalde dyktige medarbeidarar på institutta, der den faglege aktiviteten føregår.
– Vi ønskjer å skape trygge, gode og produktive arbeidsmiljø. Då må vi ha faglege og sosiale møteplassar på tvers, tenkje langsiktig i høve til strategi og ha ei open styringsform og dialog. Vi ønskjer kvalitet i alle ledd.
– Vi går inn i oppgåva med stort alvor. Det blir veldig spanande. Det einaste som er litt sørgjeleg er at vi må nedprioritere våre eigne fag for ei stund, seier Hagen.



