Hjem
Click

Det humanistiske fakultet

Studiestart 2017

Program for studiestartveka

Det humanistiske fakultet ønsker nye studentar velkomne måndag 14. august. Her finn du heile programmet for den første veka di hos oss.

ny-student.png

Gruppe studenter som kommer gående mot fotografen. De befinner seg mellom HF-bygget og UB.
GOD START: Programmet den første veka som ny student er innhaldsrikt og variert. Få med deg det som skjer for å få ein best mogleg studiestart.
Foto:
Emil W. Breistein

Oppmøte måndag 14. august

Alle nye studentar har eitt eller fleire møte denne første dagen.

  • Kl. 09-14: Alle institutta held fellesmøte der du møter fagmiljøet ditt og blir ønskt velkomen
  • Kl. 14.00:  Velkomst - og informasjonsmøte i Grieghallen for alle nye HF-studentar

Sjå program for dagen i oversikta under.

Program

Under finn du eit detaljert program for informasjonsmøte og aktivitetar kvar dag i studiestartveka. Ver med frå første dag, då får du ein best mogleg start på studia dine. Vi gjer merksam på at det kan kome mindre endringar i programmet.

Måndag 14. august

    Kl. 09.00: Oppmøte for alle nye HF-studentar

    I oversikta over informasjonsmøta finn du ut kvar du skal møte opp.

    kl. 10.00: Deltaking i Studiestartgrupper
    Studentar som har meldt seg på studiestartgrupper, blir henta etter fellesmøtet og tatt med til staden gruppa dei skal vere i lag med måndag og tysdag. Alle nye bachelor- og lektorstudentar ved HF får tilbod om å delta i studiestartgrupper måndag og tysdag i studiestartveka. Her møter du andre som begynner på same studieprogram som deg. Å vere med i studiestartgrupper er sterkt tilrådd.

    Det blir sendt ut ein påmeldingsepost i midten av juli der du kan melde deg på. Det er ikkje mogleg å melde seg på etter veka 31. 

    NB! Tilbod om å vere med i studiestartgrupper gjeld berre studentar som skal starte på eit bachelorprogram eller ei lektorutdanning.

    14.00: Velkomst - og informasjonsmøte i Grieghallen
    Her blir du blant anna ønskt velkommen av dekanen ved fakultet og studentrepresentantar. I tillegg til at du får praktisk informasjon om emner du skal ta første semesteret.

    Alle nye studentar skal delta på dette møtet.

    Inndeling i faddergrupper
    Du får tilbud om å delta i ein faddergruppe, og på slutten av velkomstmøtet i Grieghallen blir studentane delt inn i faddergrupper.

    Ca. kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Tysdag 15. august

    09.00: Studiestartgrupper
    Studiestartgruppene møtast på avtalt stad og går gjennom programmet for dagen.

    09.00-14.00: Semesterregistrering
    For studentane som er med i studiestartgrupper blir det organisert semesterregistrering i dei store auditoria på Sydneshaugen skole i dette tidsrommet. Studiestartgruppene går til registeringa på avtalte tidspunkt.

    Studentar som ikkje er med i studiestartgrupper, får hjelp til registrering på Infosenteret ved HF.

    09.00-13.30: Studenttorg i Studentsenteret
    Her kan du møte rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, idrettslag og studentmedia. Du har ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!

    14.00-15.00: Velkomstseremoni i Nygårdsparken
    Velkommen til Universitet i Bergen si offisielle åpning! Saman med alle dei andre nye studentane møter du rektor Dag Rune Olsen og leiaren av Studentparlamentet, i tillegg mange andre inviterte gjester. For meir detaljar, sjå Studentsidene.

    Ca. kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Onsdag 16. august

    10.00-15.00: Faglege informasjonsmøter
    Dei fleste av studieprogramma har informasjonsmøte denne dagen. Sjå oversikt over tid og stad for ditt studieprogram. Hvis du ikkje finn programmet ditt, sjå oversikten som ligg under torsdag 18. august.

    Ca. kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Torsdag 17. august

    10:00-14:00: Faglege informasjonsmøter
    Nokre av studieprogramma har informasjonsmøte denne dagen. Sjå oversikt over tid og stad for ditt studieprogram.

    10.00-12.00: Introduksjonsforelesning i Akademisk skriving
    Dette møtet er aktuelt for studentar på fleire av studieprogramma på HF. Sjå oversikta Dine emne for anbefalt ex.fac.-emne på ditt studieprogram.

    Stad: Studentsenteret, Egget

    10.00-11.00: God start
    Sammen (tidlegare Studentsamskipnaden) held eit foredrag der gode studievanar, vanlege startvanskar, studieteknikk  og tips om korleis gjere seg jobbklar i løpet av studietida, er sentrale tema.

    Stad: Sydneshaugen skole, Auditorium A

    For følgjande studentgrupper: Studentar som ikkje skal ta ex.fac.-emnet Akademisk skriving.

    Ca. kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.

    Fredag 18. august

    13.00-14.00: God start
    Sammen (tidlegare Studentsamskipnaden) held eit foredrag der gode studievanar, vanlege startvanskar, studieteknikk  og tips om korleis gjere seg jobbklar i løpet av studietida, er sentrale tema.

    Stad: Sydneshaugen skole, Auditorium A

    For følgjande studentgrupper: Studentar som skal ta ex.fac.-emnet Akademisk skriving og studentar på lektorutdanningane.

    Ca. kl. 15.00: Fadderprogrammet tek over
    Arrangement i regi av fadderveka.