Travel november for Griegakademistudentar
I løpet av november er studentar frå Griegakademiet involvert i tre store hendingar i det bergenske musikkliv, frå ramsalte sjøreiser over varme ørkenvindar til storslått dødsmesse.
Wagner
Først ut er Wagners Den Flygende Hollender, eit samarbeid mellom Bergen Filharmoniske Orkester og Den Nye Opera. Her deltek studentar frå Griegakademiet i operakoret, og tidlegare student Håkon Matti Skrede er kormester. Det skal ha vore ei sjøreise utanfor norskekysten i full storm som inspirerte Richard Wagner til å komponere verket i 1841. Operaen har premiere laurdag 1. november, og vidare oppsetningar 3., 5., og 7. november.
Messiaen
Seinare i månaden kjem musikarar frå Tsjaikovskijkonservatoriet i Moskva til Bergen for å delta i Olivier Messiaens Des canyons aux etoile, saman med Forsvarets Musikkorps Vestlandet og Einar Røttingen på klavér. Sistnemnde har gjort ein heil Messiaen-serie og er å rekne som ekspert på komponisten. Vidare deltek studentar frå Griegakademiet på strykarar, fløyter og slagverk.
Dette verket er svært sjeldent oppført, då det krever store ressursar og er vanskeleg å gjennomføre. Det er med andre ord ein gylden anledning til å få med seg eit av Messiaens siste verk. Det vart skrive til 200-årsjubileet for den amerikanske sjølvstendeerklæringa og er inspirert av eit opphald i Utah-ørkenen i 1972 - fargar, vind og fuglar frå ørkenen er alle tilstades i musikken. Konserten finn stad i Korskyrkja 14. november kl. 19.30.
Verdi
Så, i slutten av månaden, har turen kome til Verdis Requiem, skrive til minne om forfattaren Alessandro Manzoni og uroppført i 1874. Også her medverkar Griegakademiets kor og Håkon Matti Skrede er kormester. Andrew Litton dirigerar og Victoria Nava syng sopran. Verket blir oppført 26. og 27. november.
Griegakademiet, inngangsparti Foto: Jan Kåre wilhelmsen
Sist endret: 19.11.2008
Tilhører
- Musikk