Stillingsomtale - Førsteamanuensis i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i musikkterapi. Tiltreding snarast mogleg. Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning innan musikkterapi eller nærskylde fag, eller ha levert doktoravhandlinga si til bedømming innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing som førsteamanuensis kan skje. Søkjarar frå andre disiplinar enn musikkterapi kan vurderast, dersom dei dokumenterer solid kjennskap til musikkterapifaget og er kvalifisert for relevant forsking innan musikkterapifeltet og for relevante undervisningsoppgåver ved musikkterapistudiet. Ved tilsetjing vil det verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid (for nærare detaljar om stillinga, sjå utlysinga).
Omtale av fagmiljø
Universitetet i Bergen har høge ambisjonar for musikkterapifaget og målet er å utvikle eit fagmiljø som kan vere leiande internasjonalt. Frå hausten 2010 etablerer UiB eit femårig integrert masterprogram i musikkterapi, med årlege opptak. Dette skjer i samarbeid med Psykologisk fakultet. Talet på studentar vil då auke frå 24 i dag til 60. Det vert også arbeidd med å utvikle forskaropplæring i musikkterapi på PhD-nivå.
UiB og Uni helse samarbeider om å utvikle GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (sjå www.gamut.no). For tida arbeider seks forskarar på heiltid og seks på deltid ved senteret. Det er venta at desse tala vil auke i åra framover. Målsetjingar for etableringa av GAMUT er:
- å utvikle eit norsk musikkterapeutisk forskingssenter på høgste internasjonale nivå
- å sikre adekvat kunnskapsutvikling innan universitetsfaget musikkterapi
- å utvikle samfunnsrelevant kunnskap om samanhengar mellom musikk og helse.
Forskarane ved GAMUT tar i bruk eit spekter av forskingstilnærmingar i høve til det store spennet av forskingsspørsmål som er aktuelt i musikkterapifaget. Etablerte tematiske satsingsområde omfattar: a) Musikkterapi og psykisk helsearbeid, og b) Musikkterapi og kriminalomsorg, c) Samfunnsmusikkterapi (musikk som helseressurs i kvardag og lokalsamfunn), d) Musikkterapi i eldreomsorg, og e) Musikkterapi i medisinsk rehabilitering.
På sikt vil senteret arbeide med oppbygging av nye forskingsfelt innan faget, som t.d. musikkterapi i pedagogiske kontekstar. Det er også truleg at Samhandlingsreforma i åra framover vil medføre at det vert eit større fokus på forsking på musikkterapi som del av kommunalt helsearbeid. Der vil i stor grad vere koplingar mellom forsking og undervisning. Dei forskingsområda som er nemnde over er t.d. relaterte til undervisningsemne som MUTP201 / Musikkterapi i pedagogiske kontekstar, MUTP202 / Samfunnsmusikkterapi, MUTP301 / Musikkterapi i habilitering og medisinske kontekstar og MUTP304 / Musikkterapi i psykisk helsearbeid og eldreomsorg. Studentar og PhD-kandidatar vil ofte vere involverte i GAMUT sine prosjekt.
I tillegg til drift av ulike forskingsprosjekt, tilbyr GAMUT rettleiing og forskingsbaserte kurs og foredrag. Senteret gjev også ut to internasjonale tidsskrift:
- Nordic Journal of Music Therapy (internasjonalt forskingstidsskrift på nivå 2, publiseringsavtale med Routledge, sjå www.njmt.no)
- Voices: A World Forum for Music Therapy (internasjonalt tidsskrift og forum, open access, sjå www.voices.no)
GAMUT samarbeider med ulike fagmiljø i regionen, i høve til både praksis, undervisning og forsking. Det er t.d. utvikla samarbeidsrelasjonar til Pedagogiske fagsentra i Bergen kommune, Kriminalomsorgen Vest, Haukeland Universitetssykehus, Bergen Røde Kors Sykehjem, Psykologisk fakultet ved UiB, Allmennmedisinsk forskningsenhet, Regionsenter for barn og unges psykisk helse, og Senter for omsorgsforskning.
GAMUT er vertskap for det nordiske forskingsnettverket ”Musikk og eldre” (www.nmoe.no). GAMUT og Universitetet i Bergen er vidare med i Nordic Network of Research in Music, Culture and Health (http://www.nmh.no/Senter_for_musikk_og_helse/nordic_network). Universitetet i Bergen er også med i eit internasjonalt konsortium for musikkterapiforsking, saman med åtte andre universitet i Australia, Europa og USA (http://www.music.unimelb.edu.au/research/therapy/universities.html).
Omtale av arbeidsoppgåver i den utlyste førsteamanuensisstillinga
Den som vert tilsett i stillinga som førsteamanuensis i musikkterapi vil inngå i eit faggruppe knytt til musikkterapistudiet og i ei tematisk arbeidsgruppe ved GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapi.
Faggruppa knytt til studiet omfattar per dags dato fem faste universitetsstillingar, ein postdoktor med 25 % undervisningsplikt og ein stipendiat med 25 % undervisningsplikt. Faggruppa samarbeider tett om utviklinga av studiet og den som vert tilsett på rekne med å ta del i dette samarbeidet, undervise i og ta ansvar for aktuelle emne. Undervisninga skal vere forskingsbasert. Informasjon om studiet finn du her: https://www.uib.no/studieprogram/MAHF-INMUT . Komplett studieplan kan tilsendast på førespurnad. Fagadministrativt ansvar, som t.d. programkoordinatorrolla, går på omgang mellom dei tilsette og kan difor verte aktuelt på eit seinare tidspunkt.
Som beskrive over, er aktiviteten i forskingssenteret GAMUT tematisk fokusert, med ulike arbeidsgrupper knytt til dei ulike tematiske satsingsområda. Det er forventa at den som vert tilsett går inn i utviklinga av ei av desse gruppene. Det er også forventa at den som vert tilsett kan bidra i fagmiljøet sitt arbeid med formidling av musikkterapi til brukargrupper, organisasjonar og samfunnet elles.
Gjeldande arbeidsavtale ved Universitet i Bergen gjev 46 % tid til undervisning, 46 % til forsking og 8 % til administrasjon og samarbeid.
Vurderingskriterium ved tilsetjing av førsteamanuensis i musikkterapi
Ved vurdering av søkjarar vil følgjande kriterium verte vektlagde:
- forskingskompetanse på internasjonalt nivå og evne/vilje til å arbeide i eit miljø som fokuserer både på kvalitativ og kvantitativ metode
- relevant erfaring frå musikkterapeutisk praksis (eller annan praksis innan t.d. terapeutisk eller helsefremjande arbeid for søkjarar med utdanning i psykologi eller andre nærskylde fag)
- undervisningskompetanse i høve til relevante undervisningsemne ved musikkterapistudiet
- evne og vilje til ta ansvar i utviklinga av musikkterapi som forskingsbasert universitetsfag, med fokus på moment som initiativ og kreativitet, evne til å tenkje og arbeide tverrfagleg og evne til å samarbeide og byggje nettverk.
Informasjon For meir informasjon, kontakt instituttleiar Frode Thorsen (tlf. +47 55586979, epost frode.thorsen@grieg.uib.no) eller professor Brynjulf Stige (tlf. +47 971 69 746, epost brynjulf.stige@grieg.uib.no), ved Griegakademiet – Institutt for musikk.
Sist endret: 20.4.2010
Tilhører
- Stillingsomtale