Studierettleiing ved HF
Rettleiingstilbod for HF-studentar og informasjon om treffetider for rettleiarane på fakultetet.
Studierettleiarar ved HF
På Infosenteret ved HF finn du minst to av studierettleiarane våre på jobb kvar dag. Rettleiarane ved HF jobbar vanlegvis fire dagar i uka på instituttet sitt og ein dag på infosenteret. Nedanfor finn du eit oversyn over rettleiarane og programma og fagområdane dei har ansvaret for.
For å avtale rettleiingstime: Ring Infosenteret på telefon 55 58 93 70 eller stikk innom på Sydnesplassen 12-13. Du kan også ringe den einskilde rettleiaren for å gjøre ein avtale - klikk på navnet til rettleiar for kontaktinformasjon.
Desse programma har ikkje rettleiing på Infosenteret - ta kontakt på e-post med rettleiar: Musikk og musikkterapi: studierettleiar@grieg.uib.no, russisk: studieveileder@if.uib.no, språk og interkulturell kommunikasjon: studieveileder@if.uib.no.
| Dag |
Rettleiar |
Program og fag |
| Mandag | ||
| Lise Kristiansen |
Årsstudium: kunsthistorie Bachelor: digital kultur, kunsthistorie, retorikk, teatervitskap Master: digital kultur, kunsthistorie, teatervitskap |
|
| Torunn Saunes |
Bachelor: arkeologi, kulturvitskap, midtaustenkunnskap Master: arkeologi, kulturvitskap |
|
| Tirsdag |
||
| Anne Mailin Selland |
Årsstudium: historie Bachelor: europastudium (HF), historie Master: historie |
|
| Guro Sandnes |
Årsstudium: spansk, tysk Bachelor: arabisk, italiensk, spansk, tysk, latinamerikastudium, språk og informasjon Master: arabisk, italiensk, spansk, tysk
|
|
| Onsdag |
||
| Silje Grønner Stang |
Årsstudium: nordisk, norsk som andrespråk Bachelor: nordisk (nordisk, norrøn filologi og norsk som andrespråk) Master: nordisk, norrøn filologi Enkeltfag: islandsk |
|
| Silje A. Lindgren |
5-årig lektorutdanning i nordisk og i framandspråk |
|
| Torsdag | ||
| Marianne Eskeland |
Bachelor: gresk, kjønnsstudium, latin, litteraturvitskap, språkvitskap Master: allmenn lingvistikk, datalingvistikk og språkteknologi, gresk, latin, litteraturvitskap |
|
| Kari Salkjelsvik |
Årsstudium: engelsk, fransk Bachelor: engelsk, fransk, japansk, USA-studium Master: engelsk, fransk, japansk |
|
| Fredag | ||
| Anna Lisa Arefjord |
Årsstudium: religionsvitskap Bachelor: religionsvitskap, antikke studium, mellomalderstudium Master: religionsvitskap, Religious Roots of Europe |
|
| Ståle Melve |
Årsstudium: filosofi Bachelor: filosofi og idéhistorie Master: filosofi og idéhistorie |
Kven kan bestille rettleiing?
Vi har mest rettleiing med studentar på fakultetet, men du treng ikkje være student ved HF for få å studierettleiing hos oss. Søkjarar til årsstudium, bachelor- og masterprogram er velkomne til å ta kontakt med oss for å avtale time. Bor du ikkje i nærleiken av Bergen, kan du skrive til oss på e-post studierettleiar@hf.uib.no eller ringe 55 58 93 70.
Sist endret: 24.2.2012