Humanistiske perspektiv på evolusjonsteorien
Onsdag 11. februar arrangerte FOF Darwindagen ved Det humanistiske fakultet, med innlegg frå fleire ulike fagmiljø ved fakultetet.
Arrangementet inngår i Darwinjubileet 2009 ved UiB, som feirar at det er 200 år sidan Charles Darwin vart fødd og 150 år sidan han først gav ut On the Origin of Species.
Charles Darwin blir nok først og fremst rekna som den store vitskapsmannen innan realfag. Men forskinga hans har også hatt ringverknader innan mange humanistiske fag.
- Vi ville prøve å vise litt av bredda av evolusjonsteorien sitt nedslagsfelt i humaniora, seier Egil H. Olsvik, førstelektor ved FOF og initiativtakar til arrangementet. Med innleggshaldarar frå litteraturforsking, filosofi, psykologi, religionsvitskap og etnologi håpar han at han har lukkast med det.
Professor Michael Stausberg ved AHKR heldt innlegg og evolusjon og evolusjonsteoriar i religionsvitskapen. Her gjorde han reie for mellom anna religiøs kritikk av evolusjonisme. Darwin sjølv hadde eit svært refleksivt forhold til det heile i følgje Stousberg, som siterte den store vitskapsmannen om idéane bak verket som jubilerar i år: "(...) can the mind of man, which has, as I fully believe, been developed from a mind as low as the possessed by the lowest animal, be trusted when it draws such grand conclusions?".
Stausberg trur at eit slikt tverrvitskapleg arrangement har stor verdi, og kunne ønske seg fleire arenaer for diskusjon og debatt i tilknyting til det. Men han meiner at Darwin ikkje bør ha monopol på ein slik årleg dag.
- Det fins mange forskarar på andre fagfelt som har hatt stor påverknad på humanistisk forsking. Darwin er nok blant dei ti viktigaste, men også andre fortener å bli markerte. Kanskje nokon andre burde trekkjast fram neste år? spør Michael Stausberg.
Det var om lag 70 tilhøyrarar til stades i Egget på Studentsenteret, både studentar og tilsette. Også eit par biologar hadde tatt turen frå Realfagbygget for å høyre humanistane si vinkling. Dette skapte livleg debatt kring metaforar og analogiar i etterkant av innlegget om evolusjonsteoriar i religionsvitskapen. Kan religion sjåast på som ein parasitt på mennesket, og utviklar seg i takt med verten? Eller er det meir som mitokondrier som lever i symbiose med mennesket og tilfører det energi?
Den årlege Darwinfeiringa ved UiB er godt etablert som tradisjon, og Egil Olsvik er godt nøgd med Det humanistiske fakultet si markering av jubileet i år.
Sist endret: 20.2.2009
Nyheter fra Det humanistiske fakultet
- Doktoravhandlinger om e-læring (25.05.2012)
- Jon Erik Hagen til minne (25.05.2012)
- "Stemmen fra Griegakademiet" vant "The Voice" på TV2! (23.05.2012)
- Inga framtid for namnegransking? (22.05.2012)
- Senter for fremragende forskning til LLE? (21.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- ÅRBOK 2011 (09.12.2011)
- Drikkeglass fra Bryggen (04.11.2011)
- Gunnar Skirbekk: professor emeritus ved Filosofisk institutt og Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen. (14.10.2011)
- Ny Nature-artikkel: Snegler og skjell - nære slektninger (05.09.2011)
- Ukjente brev fra Ibsen og Bjørnson oppdaget (26.08.2011)
- Kulturhistorie
- Evolusjon