Forskarutdanningskurs sommaren 2009
Alle dei tre forskarskulane ved HF skal halde forskarutdanningskurs i juni.
Forskarskulen i kultur og samfunn inviterar til Paris 19.-22. juni, der kurset Between Intellectual History and History of Science finn stad. Kurset er eit samarbeid mellom forskarskulen og Senter for fransk-norsk forskingssamarbeid innan samfunnsvitskap og humaniora.
Tekst Bilde Lyd Rom (TBLR), forskarskulen for dei estetiske faga, har fått den nederlandske professoren i litteraturvitskap Mieke Bal til Bergen 19. og 20. juni for å halde seminaret In-Between: Affect as an Interdisciplinary Medium. Det vil også vere avhandlingsseminar i tilknyting til dette.
Forskarskulen i språkvitskap og filologi er vertskap for The Third Scandinavian Ph.D. Conference in Linguistics and Philology, som går av stabelen i Bergen 16.-18. juni. Ved konferansen skal Andrew Chesterman, University of Helsinki, Gjert Kristoffersen, UiB og Coco Norén frå Uppsala Universitet halde innlegg.
I tillegg held forskarskulane i kultur og samfunn og språkvitskap og filologi felles kurs om kvalitativ metode for humanistar 21.-22. april.
Sjå for øvrig forskarutdanninga sin aktivitetskalender for full oversikt over kurs og seminar, samt program og meir informasjon om dei enkelte arrangementa.
Sist endret: 3.4.2009
Nyheter fra Det humanistiske fakultet
- Doktoravhandlinger om e-læring (25.05.2012)
- Jon Erik Hagen til minne (25.05.2012)
- "Stemmen fra Griegakademiet" vant "The Voice" på TV2! (23.05.2012)
- Inga framtid for namnegransking? (22.05.2012)
- Senter for fremragende forskning til LLE? (21.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Informasjonsmøte om Forsker grand prix (27.04.2012)
- Forskerlinjen gir yngre doktorander (28.03.2012)
- Forsøksdyrlære for fiskeforskere (15.03.2012)
- Litteraturstudier, valg av dyremodell og design av forsøk (12.03.2012)
- Fish anesthesia (24.02.2012)
- Forskerskole
- Forskerutdanning