Gå til innhold
English A A A
22.04.2009 Forskarutdanning

Rettleiingskonferanse ved HF

Måndag 20. april gjekk Det humanistiske fakultet sin rettleiingskonferanse av stabelen. Det var i hovudsak rettleiing på ph-d.-nivå som var tema for samlinga, og spørsmål kring ulike rettleiingsmodellar, forskarskular, læringsmål og artikkelbaserte avhandlingar vart diskuterte i løpet av dagen.

Nokre gjestar utanfrå fakultetet var også inviterte, til dømes Professor Carlos Alonso frå Department of Spanish and Portuguese, Columbia University som fortalte om sine erfaringar med rettleiing på ph.d.-nivå. Vidare heldt professor Øyvind Fiksen frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, UiB, eit innlegg om forskingsretteliing på master- og ph.d.-nivå, og professor Edvard Hviding, professor i sosialantropologi ved UiB fortalte om rettleiing i forskarskular og arbeidet med å opprette ein nasjonal forskarskule innan faget.

Eigne krefter ved fakultetet var også godt representerte, det var innlegg ved Randi Brodersen (FOF), Åse Johnsen (IF), Arild Linneberg (LLE), Nils Gilje (AHKR) og Roger Strand (SVT).

Prodekan for forsking, Siri Skjold Lexau, er godt nøgd med innlegga på konferansen.

- Det er alltid interessant å høyre frå andre institusjonar, både om konkrete tiltak og for å samanlikne talmateriale. Vi står framfor ein del utfordringar når det gjeld forskarutdanninga, mellom anna på grunn av nye retningsliner frå sentralt hald. Ved UiB er det nyleg vedtatt ein handlingsplan og utarbeidd ny handbok for forskarutdanninga som forpliktar, og dermed blir det også til ein viss grad stilt andre krav til rettleiinga i fagmiljøa.

- Eg synest det var ein nyttig konferanse, og paneldiskusjonen på slutten var god og prega av engasjement. Berre synd at ikkje langt fleire fann vegen til Dragefjellet, seier Siri Skjold Lexau.

 

Sist endret: 22.4.2009