Faget i fokus - nye bachelorprogram ved HF
Fakultetsstyret vedtok måndag å opprette disiplinbaserte bachelorprogram ved HF. Det betyr at det kan bli mogleg å få tittelen bachelor i historie eller bachelor i tysk frå hausten 2010.
I fleire fagmiljø har det lenge vore ønske om å opprette bachelorprogram som reflekterar fagdisiplinane ved fakultetet. Ved innføringa av kvalitetsreforma i 2003 vart det oppretta ei rekkje tverrfaglege og til dels tverrfakultære bachelorprogram. Desse utnytta dei eksisterande studietilboda innan disiplinane, men sette dei saman med andre emne for å tilby ei spissing mot eit særskilt felt, som til dømes antikke studiar eller retorikk. Ein biverknad av denne organiseringa har vore at disiplinane er lite synlege i utdanningsstrukturen, sjølv om det meste av undervisninga ved fakultetet føregår ut frå nettopp disiplin.
I vår har det pågått eit arbeid med å greie ut moglegheitene for å innføre bachelorprogram knytt til disiplin, og saka har vore til høyring på institutta og sentra. På måndag var altså saka oppe i fakultetsstyret, og forslaget om oppretting blei vedtatt. Fakultetsstyret vedtok også å legge ned nokre av dei programma som eksisterar i dag, det gjeld dei tre opne bachelorprogramma i estetiske fag, historie- og kulturfag og språk, samt studieporogramma i litteraturstudiar og mellomalderstudiar. Vidare blei det bestemt at ein lyser ut eitt årsstudium i humanistiske fag snarare enn eit årsstudium for kvart undervisningsfag slik det har vore tidlegare. Endringane vil bli sett i verk frå og med haustsemesteret 2010, forutsett at Utdanningsutvalet og Universitetsstyret godkjenner saka i løpet av hausten.
Ved LLE har fleire fagmiljø lenge ønska seg eigne bachelorprogram. Thorsteinn G Indridasson, førsteamanuensis i nordisk, er godt nøgd med fakultetsstyrevedtaket.
- Denne diskusjonen om synleggjering har eksistert lenge i fagmiljøa, ein del rammer som opptakskategoriar og liknande har mangla for enkeltfaga. Dermed har dei heller ikkje vore like synlege utad som tidlegare. I tillegg vil nok den nye ordninga gje fagmiljøa større eigarskap og ansvar for bachelorprogramma, me står i større grad friare til å utvikle dei, meiner Indridasson. Han trur også at fagorienterte bachelorprogram kan slå positivt ut for fag som har få studentar.
- Dersom tilstrømminga ikkje er god nok må ein jo ut for å rekruttere, og det vil nok bli lettare for enkeltfaga med slike rammer for aktiviteten vår. Eg håpar på positiv effekt for studentrekrutteringa! seier Indridasson.
Også Elise Dåvøy, leiar for HFSU (studentutvalet ved HF) er positiv til vedtaket.
- Eg trur det vil bli lettare for studentane å orientere seg i fagtilbodet no, og det kan også gje større tilhøyrsle til faget. Dessutan meiner eg det er viktig at tittelen på graden gir eit riktig bilde av kva det er ein faktisk har studert, og slik vil det jo bli no, seier Dåvøy.
Protokoll frå fakultetsstyremøtet blir lagt ut her så snart den er klar.
Sist endret: 28.5.2009
Nyheter fra Det humanistiske fakultet
- Doktoravhandlinger om e-læring (25.05.2012)
- Jon Erik Hagen til minne (25.05.2012)
- "Stemmen fra Griegakademiet" vant "The Voice" på TV2! (23.05.2012)
- Inga framtid for namnegransking? (22.05.2012)
- Senter for fremragende forskning til LLE? (21.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Hva er kvalitet i utdannning? (13.04.2012)
- Hva er kvalitet i utdanning (13.04.2012)
- Kvifor språk? (29.03.2012)
- Hva er kvalitet i utdanning? (23.03.2012)
- Rekrutteringsgave til informatikk (23.02.2012)
- Utdanning